Berekningsreglar for sjukepengar frå 2019

Language

1. januar 2019 kom det endringar i reglane for å berekne ytingane som blir fastsette etter kapittel 8 i folketrygdlova.

Berekningsperioden er endra frå 4 veker til 3 månader

I det nye regelverket er dette hovudregelen for berekning:

  • Arbeidsgivaren skal fastsetje grunnlaget for ytinga til ei månadsinntekt.
  • Månadsinntekta skal som hovudregel fastsetjast ut frå eit gjennomsnitt av den inntekta som er rapportert til a-ordninga i dei 3 siste kalendermånadene før første fråværsdag.

Hovudregelen gjeld også for arbeidstakarar med skiftande arbeidsperiodar eller inntekter.

Eksempel:

Kari Nordmann blir sjuk 7. januar 2019 (første fråværsdag). Sjukepengane skal derfor bereknast etter nye reglar. Du skal bruke den gjennomsnittlege månadsinntekta Kari har i oktober, november og desember 2018, når du skal rekne ut sjukepengane.

Ola Nordmann skal ha sjukepengar frå 28. desember 2018 (første fråværsdag). Derfor skal du berekne sjukepengane hans etter dagens reglar.

Unntak frå hovudregelen

Det er nokre unntak frå hovudregelen som det er viktig for deg som arbeidsgivar å vere klar over når du skal rekne ut grunnlaget til arbeidstakaren:

  • Dersom arbeidsforholdet har vart så kort tid at det ikkje er rapportert inntekt til a-ordninga for tre heile kalendermånader, skal du bruke inntekta i den perioden arbeidsforholdet har vart. Du må rekne om inntekta i perioden til ei månadsinntekt.
  • Dersom arbeidstakaren har fått ei varig lønnsendring i eller etter berekningsperioden, men før første fråværsdag, skal du bruke perioden etter lønnsendringa.
  • Dersom arbeidstakaren har hatt lovleg fråvær utan lønn i berekningsperioden, skal du bruke den inntekta arbeidstakaren ville ha hatt dersom han eller ho hadde vore i jobb. Fråværet er vanlegvis ulønt permisjon eller ferie utan lønn.

Tillegg som skal reknast med

Tillegg for ulagleg arbeidstid og ulempetillegg for spesielle arbeidsforhold skal framleis reknast med. Etter dei nye reglane skal du også ta med godtgjeringar for 1. og 17. mai og flyttbare helgedagar som arbeidstakaren opparbeider seg som eit tillegg per arbeidstime.