Berekningsreglar for foreldrepengar og svangerskapspengar frå 2019

Language

1. januar 2019 kom det endringar i reglane for å berekne ytingane som blir fastsette etter kapittel 8 i folketrygdlova.

Berekningsperioden er endra frå 4 veker til 3 månader

I det nye regelverket er dette hovudregelen for berekning:

  • Arbeidsgivaren skal fastsetje grunnlaget for ytinga til ei månadsinntekt.
  • Månadsinntekta skal som hovudregel fastsetjast ut frå eit gjennomsnitt av den inntekta som er rapportert til a-ordninga i dei 3 siste kalendermånadene før første fråværsdag.

Hovudregelen gjeld også for arbeidstakarar med skiftande arbeidsperiodar eller inntekter.

Eksempel

Kari Nordmann skal ha foreldrepengar frå 7. januar 2019 (første fråværsdag). Foreldrepengane skal derfor bereknast etter nye reglar. Du skal bruke den gjennomsnittlege månadsinntekta som Kari har i oktober, november og desember 2018, når du skal rekne ut foreldrepengane.

Ola Nordmann skal ha foreldrepengar frå 28. desember 2018 (første fråværsdag). Derfor skal du berekne foreldrepengane hans etter dagens reglar.

Unntak frå hovudregelen

Det er nokre unntak frå hovudregelen som det er viktig for deg som arbeidsgivar å vere klar over når du skal rekne ut grunnlaget til arbeidstakaren:

• Dersom arbeidsforholdet har vart så kort tid at det ikkje er rapportert inntekt til a-ordninga for tre heile kalendermånader, skal du bruke inntekta i den perioden arbeidsforholdet har vart. Du må rekne om inntekta i perioden til ei månadsinntekt.

  • Dersom arbeidstakaren har fått ei varig lønnsendring i eller etter berekningsperioden, men før første fråværsdag, skal du bruke perioden etter lønnsendringa.
  • Dersom arbeidstakaren har hatt lovleg fråvær utan lønn i berekningsperioden, skal du bruke den inntekta arbeidstakaren ville ha hatt dersom han eller ho hadde vore i jobb. Fråværet er vanlegvis korte periodar med mellombels ulønt permisjon eller ferie utan lønn.

Sjukmeld eller har anna gyldig fråvær før foreldrepengeperioden startar

Viss arbeidstakaren får sjukepengar, foreldrepengar eller stønadar på grunn av sjukdom hjå barnet fram til foreldrepengeperioden startar, skal du oppgi inntekta som arbeidstakaren vanlegvis ville hatt om han eller ho var i jobb.

Dette gjeld ikkje når arbeidstakaren får arbeidsavklaringspengar.

Tillegg som skal reknast med

Tillegg for ulagleg arbeidstid og ulempetillegg for spesielle arbeidsforhold skal framleis reknast med. Etter dei nye reglane skal du også ta med godtgjeringar for 1. og 17. mai og flyttbare helgedagar som arbeidstakaren opparbeider seg som eit tillegg per arbeidstime.

Berekningsperioden ved utsetjing av foreldrepengane

Dersom arbeidstakaren ventar med å ta ut foreldrepengane, er det ikkje alltid den første dagen med foreldrepengar du skal bruke som utgangspunkt for berekninga.

Eksempel

Mor tek ut foreldrepengar til og med 15. oktober 2019. Far skulle ha starta med fedrekvoten sin 16. oktober, men han vel å utsetje den til 4. november fordi han skal jobbe.

Her skal du bruke 16. oktober som utgangspunkt for å rekne ut foreldrepengane til far. Du skal bruke den rapporterte inntekta til a-ordninga for juli, august og september.

Les meir om kva inntekter som inngår i berekninga av den månadlege inntekta.