Militært personell

Om yrkesskaderettar for militært personell, vernepliktige og andre tenestepliktige.

Vernepliktige, tenestepliktige og frivillig tenestegjerande etter vernepliktslova, heimevernslova og lov om sivilforsvaret, lov om fritaking for militærteneste av overtydingsgrunnar og lov om tenesteplikt i politiet, er yrkesskadedekte ved alle skadar og sjukdommar som er påført eller kome til i tidsrommet frå dei møter til teneste til dei blir dimittert.

Anna militært og sivilt tilsett personell er yrkesskadedekte etter folketrygdlova etter reglane som gjeld for arbeidstakarar, dvs. at skaden eller sjukdommen må vere forårsaka av ei arbeidsulykke eller vere ein yrkessjukdom som kan godkjennast etter reglane i folketrygdlova. Under manøver eller oppdrag under feltmessige forhold, er militært tilsett personell likevel dekte etter reglane for verneplikt mv., sjå ovanfor.

Militært personell som deltek i internasjonale fredsoperasjonar er yrkesskadedekte etter folketrygdlova ved alle skadar og sjukdom som er påførte eller har kome til under opphald i utlandet.