Melding av yrkesskadar og yrkessjukdommar

Skader og sjukdommar som kjem på arbeidsplassen skal meldast til NAV på fastsett skademeldingsblankett.

Meldeplikt

Som arbeidsgivar har du plikt til å sende skademelding (folketrygdlova). Meldeplikta gjeld ikkje berre skadar og sjukdommar, men også ved dødsulykker. Sjølv om du har gjeve melding til Arbeidstilsynet slik det er beskrive i arbeidsmiljølova skal du i tillegg sende melding til NAV. Dette fordi NAV skal sikre rettane til den skadde og eventuelle etterlatne. Du kan lese meir om kva lova seier under Yrkesskade og yrkessjukdom.

NAV har fem blankettar:

  • NAV 13-07.05 - Brukes for skade og sykdom påført under arbeid på norsk eller utenlandsk landterritorium.
  • NAV 13-06.05 - Brukes for skade og sykdom som er påført i forbindelse med petroleumsvirksomhet til havs.
  • NAV 13-08.05 - Brukes for skade og sykdom som er påført under militær tjenestegjøring
  • NAV 13-07.08 - Brukes for skade og sykdom som er påført under tjeneste på skip eller under fiske/fangst
  • NAV 13-10.01 - Brukes for skade og sykdom som er påført elev/student  

Skjemaene inneheld ei nærare orientering om korleis du fyller ut, sjå under Skjema.

Når du har valt skjema, kjem du til skjemarettleiaren. Det er ikkje krav om vedlegg til skademeldingane. I punktet om innsendingsmoglegheit må du velje første val - Éin privatperson - som gjeld saker knytte til enkeltpersonar. Du må ha fødselsnummeret til personen eller D-nummer tilgjengeleg. Det er viktig at du vel dette alternativet for at meldinga skal bli rett motteke og registrert i NAV. Du får også opp ei førsteside, ho legg du øvst i brevet.

Når skal du ikkje sende skademelding?

Du skal ikkje sende skademelding til NAV i situasjonar der det ikkje har kome til nokon skade eller sjukdom, men der det er aktuelt å melde frå om avvik som kan/skal meldast for eksempel etter reglane i arbeidsmiljølova.

Spesielt for militærpersonar med «24-timers trygd»

Denne spesielle trygdedekninga gjeld blant anna for vernepliktige (førstegongsteneste) og andre tenestepliktige/frivillig tenestegjerande militærpersonar og tenestepliktige etter lov om fritaking for militærteneste av overtydingsgrunnar. Desse blir rekna for å vere i teneste samanhengande frå innrykk i tenesta til dimitteringa - også under permisjonar.

Dette betyr at alle skadar som skjer i dette tidsrommet – også belastingsskadar - skal meldast. Du kan lese meir under Regelverk.

Intern registrering

Ordninga med særavtale om intern registrering er opphøyrt med verknad frå 1. oktober 2013.