Omstilling og nedbemanning

Language

NAV samarbeider med verksemder i omstilling der mange tilsette mister - eller står i fare for - å miste jobben.

Kva kan NAV hjelpe med i ein omstillingssituasjon?

NAV kan saman med verksemda bidra til at overtalege raskt kjem i arbeid, slik at de slepp å bli arbeidsledige. Det er derfor viktig at NAV kjem med i omstillingsprosessen så tidleg som mogleg.

Ta kontakt med NAV for informasjon om

  • korleis registrere seg som arbeidssøkjar
  • korleis søkje om dagpengar
  • arbeidsmarknaden
  • andre tenester frå NAV

Registrere seg som arbeidssøkjar

Det er viktig at overtalige snarast mogleg registrerer seg som arbeidssøkjar hos NAV, blant anna for å avklare behovet for kvalifisering.

Ledige stillingar som blir melde til NAV blir formidla til aktuelle arbeidssøkjarar som er registrerte hos NAV.

Dersom jobbsøkinga over tid ikkje fører fram, kan NAV tilby ulike tiltak som opplæring, jobbklubb og arbeidstrening. Les meir om tiltak og ordningar under Relatert informasjon.

Jobbe i utlandet?

EURES-tenesta i NAV kan hjelpe arbeidssøkjarar som ønskjer å jobbe i utlandet.

Sjå også informasjon om permittering og oppseiing.

Fakta

Omstilling kan skje i samband med:

  • Permittering
  • Driftsinnskrenking/nedbemanning
  • Produksjonsendring og opp-/nedbemanning
  • Kvalifisering av allereie tilsette
  • Flytting av ei verksemd
  • Konkurs og annan driftsstans