Lønnsgarantiordninga

Lønnsgarantien skal sikre at du som arbeidstakar får utbetalt lønn, feriepengar og anna arbeidsvederlag som du har til gode, men som arbeidsgivaren ikkje er i stand til å betale på grunn av konkurs, offentleg skifte av insolvent dødsbu, tvangsavvikling av selskap og offentleg administrasjon av forsikringsselskap eller bank.

Kven kan få?

Lønnsgarantiordninga gjeld for arbeidsforhold der arbeidsgivaren skal betale arbeidsgiveravgift til folketrygda.

Unntatt frå ordninga er

  • sjølvstendig næringsdrivande og oppdragsmottakarar
  • aksjeeigarar med minst 20 prosent eigardel i verksemda, med mindre du kan sannsynleggjere at du ikkje har hatt vesentleg innverknad over drifta i verksemda

Kva kan du få?

Dersom du har eit krav mot arbeidsgivar, kan du få dekt:

  • Lønn og anna arbeidsvederlag for inntil 6 månader.
  • Lønnskravet må ikkje ha forfall lenger tilbake enn 12 månader før den dagen kravet om konkurs kom inn til tingretten (fristdagen). Denne fristen er absolutt.
  • Feriepengar opptente i same år som fristdagen og året før.
  • Pensjonsytingar for inntil 6 månader.
  • Erstatning for tapt arbeidsvederlag for inntil 6 månader.
  • Renter inntil fristdagen av lønnskrav du ikkje har fått utbetalt, og inndrivingskostnader.
  • Rimelege kostnader ved å krevje arbeidsgivaren konkurs.

Du kan få dekt inntil 2 gonger grunnbeløpet (som gjeld på fristdagen). I tillegg kan du også få dekt rimelege kostnader ved å krevje arbeidsgivaren konkurs.

Dersom du har hatt annan inntekt i søknadsperioden i staden for inntekt hos tidlegare arbeidsgivar, blir denne inntekta trekt frå kravet ditt. Dette gjeld også feriepengar. Dersom du har fått forskotterte dagpengar, vil desse bli trekt frå før ei eventuell utbetaling til deg.

Kor lenge kan du få?

Etter konkursopning blir krav dekt i inntil 1 månad rekna frå konkursopningsdagen. Dette gjeld også dersom det er avtalt eller lovfest lengre oppseiingstid.

Dersom verksemda blir overdrege til ein ny innehavar før konkursopning, og du fortset å jobbe for den nye innehavaren, får du berre dekt krav (inkludert feriepengar) fram til overdragingstidspunktet.

Dersom du blei permittert før konkurs, og arbeidsgivaren sette i verk faktisk permittering før varslingsperioden var gått ut, kan du ha rett til rett til «dobbel lønn» for dei dagane der varslingsperioden og arbeidsgivarperioden fell saman. Les meir om lønnsgarantidekning under permittering.

Andre aktuelle ytingar

Dersom du ventar på behandling av søknaden din om lønnsgaranti kan du søkje om å få forskotterte dagpengar. Det er eit vilkår for forskotterte dagpengar at du har søkt om og har rett til lønnsgarantidekning den første månaden etter konkursopning.

Korleis søkjer du?

Som dokumentasjon for kravet ditt kan du for eksempel leggje ved arbeidskontrakt, lønnsslippar, lønns- og trekkoppgåver eller anna. Du er sjølv ansvarleg for å sannsynliggjere kravet ditt. Tingretten kan gi deg opplysningar om kven som er bustyrar. Bustyrar har plikt til å hjelpe deg dersom du har spørsmål om korleis du fyller ut skjemaet.

Kor leverer du søknaden?

Søknaden sender du til bustyrar.

Når må du søkje?

Det er viktig å halde fristen som tingretten har sett for å melde krav i buet.

NAV Lønnsgaranti skal likevel behandle kravet dersom det er meldt skriftleg til bustyrar før bubehandlinga er avslutta. Dersom bubehandlinga er avslutta, må bustyrar eller NAV Lønnsgaranti ha mottatt kravet innan 6 månader etter konkursopning.

Vedtak

Krava blir kontrollerte og vurderte av bustyrar. Bustyrar sender innstillinga si til NAV Lønnsgaranti som avgjer om krava kan dekkast.

Etter behandling hos NAV Lønnsgaranti blir krava enten godkjende eller heilt eller delvis avslått. Det kan også bli nødvendig å be om fleire opplysningar frå bustyrar.

Etter at krava er behandla sender NAV Lønnsgaranti brev til bustyrar, som så skal informere deg om resultatet.

Dersom du får eit avslag på kravet ditt, kan du klage. Klagefristen er 3 veker frå du har mottatt avslaget. Les meir om klagerettar.

Utbetaling

Dersom krava dine blir godkjende, overfører NAV Lønnsgaranti det godkjende beløpet til bustyrar. Bustyrar utbetalar pengar til deg etter at pliktige trekk er trekte frå, som for eksempel skatt og forskotterte dagpengar. Les meir om saksbehandlingstider.