Sjukepengar til særskilde grupper

Sjukepengar skal kompensere for bortfall av arbeidsinntekt for yrkesaktive medlemmer som er arbeidsuføre på grunn av sjukdom eller skade. For særskilde grupper medlemmer gjeld spesielle reglar. Dette gjeld sjømenn, fiskarar, vernepliktige og yrkesaktive medlemmer som mellombels har vore ute av arbeid.

Sjømenn

For denne gruppa blir sjukepengane berekna som for arbeidstakarar med to unntak:

  • Du kan få sjukepengar dersom du er arbeidsufør som sjømann, sjølv om du ikkje elles er arbeidsufør.
  • Du har rett til sjukepengar sjølv om du har vore i arbeid i mindre enn fire veker.

Jordbrukarar

Jordbrukarar har ei kollektiv forsikring som gjev rett til sjukepengar med 100 prosent dekning av sjukepengegrunnlaget frå og med 17. sjukefråværsdag.

Du blir rekna som jordbrukar dersom du i det føregåande kalenderåret hadde ei nærings­inntekt frå jord‑ eller skogbruk på minst 8 000 kroner og som utgjorde minst 20 prosent av den alminnelege inntekta (samla nettoinntekt) di. Denne inntekta skal ein leggje til grunn ved vurdering av kven som er omfatta av den kollektive forsikringa.

Du kan i tillegg teikne individuell forsikring som gjev deg 100 prosent dekning av sjukepengegrunnlaget frå 1.–16. sjukefråværsdag. Les meir om forsikring for jordbrukarar. 

Du søkjer om sjukepengar ved å fylle ut alle felta på del 8 – Eigenerklæring på ”Krav om sjukepengar” – del D av "Vurdering av arbeidsmoglegheit / Sjukmelding".  Du må i tillegg fylle ut skjema NAV 08-35.01 «Inntektsopplysningar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar som skal ha sjukepengar.» 

Når du velgjer skjema NAV 08-35.01, kjem du til skjemarettleiaren. I rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slag dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får også opp eit førstesideark. For at vi skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt i førstesidearket. Legg førstesidearket øvst i sendinga/brevet”.

Reindriftsutøvarar

Reindriftsutøvarar har ei kollektiv forsikring som gjev rett til sjukepengar med 100 prosent dekning av sjukepengegrunnlaget frå og med 17. sjukefråværsdag.

Du blir rekna som reindriftsutøvar dersom du i det føregåande kalenderåret hadde ei nærings­inntekt frå reindrift på minst 8 000 kroner og som utgjorde minst 20 prosent av den alminnelege inntekta (samla nettoinntekt) di. Denne inntekta skal ein leggje til grunn ved vurdering av kven som er omfatta av den kollektive forsikringa.

Du kan i tillegg teikne individuell forsikring som gjev deg 100 prosent dekning av sjukepengegrunnlaget frå 1.–16. sjukefråværsdag. Les meir om forsikring for reindriftsutøvarar

Du søkjer om sjukepengar ved å fylle ut alle felta på del 8 – Eigenerklæring på ”Krav om sjukepengar” – del D av "Vurdering av arbeidsmoglegheit / Sjukmelding". Du må i tillegg fylle ut skjema NAV 08-35.01 «Inntektsopplysningar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar som skal ha sjukepengar.» 

Når du velgjer skjema NAV 08-35.01, kjem du til skjemarettleiaren. I rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slag dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får også opp eit førstesideark. For at vi skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt i førstesidearket. Legg førstesidearket øvst i sendinga/brevet”.

Fiskarar

Fiskarar på blad B har ei kollektiv forsikring som gjev rett til sjukepengar med 100 prosent dekning av sjukepengegrunn­laget frå første sjukefråværsdag. Du har rett til sjukepengar sjølv om du har vore i arbeid i mindre enn fire veker. 

Du søkjer om sjukepengar ved å fylle ut alle felta på del 8 – Eigenerklæring på ”Krav om sjukepengar” – del D av "Vurdering av arbeidsmoglegheit / Sjukmelding".  Hvis du mottar lott blir du rekna som sjølvstendig næringsdrivande.Du må da i tillegg fylle ut skjema NAV 08-35.01 «Inntektsopplysningar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar som skal ha sjukepengar.» 

Når du velgjer skjema NAV 08-35.01, kjem du til skjemarettleiaren. I rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slag dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får også opp eit førstesideark. For at vi skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt i førstesidearket. Legg førstesidearket øvst i sendinga/brevet”.

Dersom du har hyre blir du rekna som arbeidstakar. Arbeidsgjevaren skal då fylle ut skjema NAV 08-30.01  «Inntektsopplysningar for arbeidstakar som skal ha sjukepengar», og sende skjemaet til NAV. Du sender «Krav om sjukepengar – del D» til NAV eller arbeidsgjevaren din, avhengig av kven som betalar løna di i sjukmeldingsperioden. 

Vernepliktige

Personar som har avtent militær eller sivil teneste, har rett til sjukepengar som for arbeidstakarar ved arbeidsuførleik. Du har rett til sjukepengar sjølv om du har vore i arbeid i mindre enn fire veker. 

Ordninga omfattar også dei som har utført verneplikt i

  • Heimevernet
  • militære skuler
  • reservepolitiet

Det same gjeld vernepliktige og utskrivingspliktige som etter søknad er fritekne for militærteneste og er overførde til sivilt arbeid. 

Du får sjukepengar frå og med dagen etter du er dimittert.

Personar som mellombels har vore ute av inntektsgjevande arbeid

Dersom du på sjukmeldingstidspunktet mellombels har vore ute av inntektsgjevande arbeid i mindre enn ein månad, og du

  • framleis er ute av inntektsgjevande arbeid, eller
  • har vore i arbeid i mindre enn fire veker

kan du ha krav på sjukepengar frå NAV.

Likestilt med arbeid er tidsrom der du har fått dagpengar, sjukepengar, pleie-, opplærings- og omsorgspengar - og foreldre- og svangerskapspengar.

For å få sjukepengar må du godtgjere at du taper inntekt og at inntektstapet minst svarar til grunnbeløpet. Du kan få sjukepengar frå den 15. dagen etter sjukmeldingstidspunktet. Sjukepengane utgjer 65 prosent av sjukepengegrunnlaget dersom du ikkje er i arbeid, og 100 prosent dersom du er i arbeid når du blir sjukmeldt.

Du søkjer om sjukepengar ved å fylle ut alle felta på del 8 – Eigenerklæring på ”Krav om sjukepengar” – del D av "Vurdering av arbeidsmoglegheit / Sjukmelding". Du må i tillegg fylle ut skjema NAV 08-47.05 «Krav om sjukepengar – mellombels ute av inntektsgivande arbeid».

Når du velgjer skjema NAV 08-47.05, kjem du til skjemarettleiaren. I rettleiaren skal du krysse av for kva vedlegg og kva slag dokumentasjon du må leggje ved søknaden. Du får også opp eit førstesideark. For at vi skal kunne behandle søknaden din raskt og effektivt, ber vi deg sende inn det som står nemnt i førstesidearket. Legg førstesidearket øvst i sendinga/brevet”.

Sjukepengar til personar mellom 62 og 70 år

Personar mellom 62 og 70 år har rett til sjukepengar uavhengig av om dei har teke ut alderspensjon. Dersom du har fylt 70 år, har du ikkje rett til sjukepengar.

Personar mellom 67 og 70 år har rett til sjukepengar dersom inntekta overstig to gonger grunnbeløpet. Denne gruppa kan få sjukepengar frå NAV i opptil 60 dagar. 60-dagarsregelen gjeld frå og med dagen etter ein fylte 67 år og til og med dagen før ein fyller 70 år.

Sjukepengar til uføretrygda

Personar som har arbeidsinntekt i tillegg til uføretrygd kan ha rett til sjukepengar. Sjukepengane blir berekna ut frå den arbeidsinntekta du har i tillegg til uføretrygda. Sjukepengane vil kunne redusere utbetalinga av uføretrygda på same måte som arbeidsinntekt gjer, men uføregraden står ved lag.

Du søkjer om sjukepengar ved å fylle ut alle felta på del 8 – Eigenerklæring på «Krav om sjukepengar – del D». I tillegg må NAV ha inntektsopplysningar. Dersom du er sjølvstendig næringsdrivande, må du fylle ut skjema NAV 08-35.01 «Inntektsopplysningar for sjølvstendig næringsdrivande og/eller frilansarar som skal ha sjukepengar».

Dersom du er tilsett, har arbeidsgjevaren ansvar for å utbetale sjukepengar i arbeidsgjevarperioden. Arbeidsgjevaren må fylle ut skjema NAV 08-30.01 «Inntektsopplysningar for arbeidstakarar som skal ha sjukepengar» og sende det til NAV.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha verknad for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk.

Du kan òg sjekke utbetalingar i tenesta Dine utbetalinger.