2 000 fleire fekk uføretrygd i 3. kvartal 2019

Talet på personar som får uføretrygd har auka med 2 000 i tredje kvartal 2019, og ved utgangen av september var det i alt 348 800 mottakarar. Dei uføretrygda utgjer 10,2 prosent av befolkninga i alderen 18-67 år. Det er same prosentdel som førre kvartal.

– Talet på personar som får uføretrygd held fram å auke i 2019, men delen som får uføretrygd i prosent av befolkninga held seg stabil dei siste månadane. Ein av ti personar mottek uføretrygd, og vi ser at tre av fire nye som får uføretrygd fekk arbeidsavklaringspengar før uføretrygd, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Forventa utvikling i talet på mottakarar

I NAVs nye prognose forventar vi at talet på mottakarar aukar til 351 500 ved utgangen av året. I 2020 ventar vi svakare vekst enn i 2019, og vi reknar med at det vil vere 360 000 mottakarar ved utgangen av 2020. Den reviderte utrekninga for 2019 inneber ein vekst i talet på mottakarar med uføretrygd på 3,6 prosent i 2019 og 2,4 prosent i 2020, og det er framleis forventa høg overgang frå arbeidsavklaringspengar til uføretrygd.

Talet på mottakarar av uføretrygd 18-67 år med prognose. Per kvartal 1996-2019.

uføretrygd-sept-2019

Kjelde: NAV.

Færre eldre uføretrygda

Samanlikna med for eitt år sidan, har prosentdelen som får uføretrygd mellom 20 og 59 år auka, medan for dei over 65 år gjekk prosentdelen ned. For 18-19-åringane og 60-64-åringane er prosentdelen for personar som får uføretrygd stabil.

Fleire uføretrygda kvinner enn menn

Prosentdelen uføretrygda kvinner er i 2019 historisk høg, og skilnaden mellom kvinner og menn har auka over tid. I alle aldersgrupper har det vore fleire uføretrygda kvinner enn menn, bortsett frå blant dei under 30 år, der mennene har vore i fleirtal. I 2019 ser me at delen uføretrygda kvinner i alderen 25-29 for fyrste gong er like stor som for menn.

For meir informasjon, kontakt pressevakta hjå NAV på presse@nav.no.

Fakta

Endringar i trygdeordningane
Frå 2004 blei uføretrygda delt i ein tidsavgrensa uførestønad og ei varig uføretrygd. Ordninga med tidsavgrensa uførestønad vara fram til 2010, då den blei erstatta av arbeidsavklaringspengar. Tidsavgrensa uførestønad var fortrinnsvis meint til yngre personar med diagnosar der det var ein viss moglegheit for at vedkommande kunne kome tilbake i arbeid.

Utviklinga i talet på uføretrygda frå 2004 og fram til i dag er sterkt prega av desse endringane i trygdeordningane. Endringane førte til at talet på uføretrygda i ein periode var lågare enn det som elles ville vore tilfelle, for så gradvis å normalisere seg i åra etter 2010. Av alle som fekk tidsavgrensa uførestønad på eit tidspunkt, var 76 prosent mottakarar av uføretrygd per september 2019. Les meir om dette i statistikknotatet per september 2019.

Les meir om regelendringane for AAP frå 1. januar 2018 på nav.no/aap2018