Låg arbeidsløyse og aukande rekrutteringsproblem

I oktober var arbeidsløysa i Vestland til saman på 2,0 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på om lag 1190 personar i høve til oktober i fjor.

Den sesongjusterte arbeidsløysa gjekk ned med 198 personar i oktober, samanlikna med september.

NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka.

I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,1 prosent av arbeidsstyrken. Nedgangen, på nær 1200 personar i høve til i fjor, er størst i landet. Sogn og Fjordane har framleis lågast arbeidsløyse i landet med 1,2 prosent. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla.

Fleire bedrifter melder om rekrutteringsproblem

Direktør for NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes seier at den stadig lågare arbeidsløysa gjer at fleire verksemder får problem med å skaffe relevant arbeidskraft.

– Bygg og anlegg og IKT er eksempel på bransjar med aukande rekrutteringsproblem. Til dømes bygningsingeniørar, elektrikarar, systemanalytikarar og programmerar kan vere ei stor utfordring å rekruttere, seier Bogsnes.

Det er svært få ledige i desse yrkesgruppene og mange ledige stillingar, men Bogsnes ser også moglegheiter.

– Regjeringa sin inkluderingsdugnad blir stadig viktigare. Dei som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet er ein arbeidskraftreserve som vi kan aktivere gjennom samarbeid med næringslivet.

Dette er ein vinn-vinn-situasjon og mange verksemder kan tene på å tenkje nytt når det gjeld rekruttering, seier Bogsnes.

Det er flest ledige innan butikk- og salsarbeid (786),) serviceyrke og anna arbeid (712) og reiseliv og transport (688), medan det er færrast ledige innan akademiske yrke (105) og jordbruk, skogbruk og fiske (120).

Mange kommunar med svært låg arbeidsløyse

Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden på Askøy (-110 personar) i Fjell

(-104 personar), og i Os (-48 personar). I Bergen kommune er det no 3556 ledige, som er 682 færre enn i fjor. I oktober er det høgast arbeidsløyse i Modalen og Øygarden, begge med 2,8%, medan sju av dei 59 kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane har mindre enn 1 prosent ledige.

Arbeidsløysa i heile Norge samla, er 2,1 prosent i oktober.

 

Nøkkeltal for Vestland

 

Oktober 2019

Endring frå oktober 2018

Heilt ledige

6591

-1189

I prosent av arbeidsstyrken

2,0 %

-15 %

Langtids arbeidssøkarar

3000 

- 22%

Ledig ungdom under 30 år

1963

- 21 %

Tilgang på ledige stillingar

4615

0 %

I november 2018 opna NAV ein ny registreringsløysing for alle som registrerer seg som arbeidssøkarar på nav.no. Den nye løysinga gjer det både enklare og raskare å registrere seg som arbeidssøkar, og inneber mellom anna at arbeidssøkarane kjem raskare inn i statistikken. Endringa fører til eit brot i statistikken slik at tala ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Dei sesongjusterte tala justerte og kan difor samanliknast med tidlegare periodar.

 

For kommentar til meldinga, kontakt:

Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96