Pressemeldingar

Help

Her finn du pressemeldingar frå NAV Rogaland.

Framleis nedgang i arbeidsløysa i Rogaland

Justert for *sesongvariasjonar var det ein reduksjon i arbeidsløysa i Rogaland i august. Den registrerte bruttoarbeidsløysa** var på 2,7 prosent ved utgangen av månaden.

2,7 prosent arbeidsløyse i Rogaland

Den positive utviklinga i arbeidsmarknaden ser ut til å fortsette. Ved utgangen av juli var bruttoarbeidsløysa** i Rogaland 2,7 prosent av arbeidsstyrken.

Gode utsikter på arbeidsmarknaden i Rogaland

Ved utgangen av juni er bruttoarbeidsløysa** i Rogaland 2,6 prosent av arbeidsstyrken. Samanlikna med same perioden fjor har bruttoarbeidsløysa fallt kraftigst i landet; frå 3,3 prosent i juni 2018 til 2,6 prosent i juni 2019.

2,2 prosent heilt arbeidslause i Rogaland

I mai er delen heilt arbeidslause i Rogaland på 2,2 prosent av arbeidsstyrken, og talet ledige stillingar er framleis høgt. – Sist Rogaland hadde så låg arbeidsløyse var i august 2014, fortel Merethe P. Haftorsen, direktør for NAV Rogaland.

4 193 nye stillingar i Rogaland

Talet nye stillingar held seg i april på eit høgt nivå i Rogaland, samtidig som talet heilt arbeidsløyse det siste året er redusert med 19 prosent. – Bortsett frå Sokndal er det anten stabil eller redusert arbeidsløyse i alle kommunane i Rogaland, fortel Merethe P. Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.

3,0 prosent arbeidsløyse i Rogaland

Nedgangen i arbeidsløysa held fram i Rogaland. – Den positive utviklinga i arbeidsmarknaden i Rogaland med stadig færre arbeidslause og mange utlyste stillingar fortset i mars, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.

Framleis nedgang i arbeidsløysa

I februar er delen heilt arbeidslause i Rogaland på 2,5 prosent av arbeidsstyrken. Dette er same del som snittet for alle fylka i Norge. Sist Rogaland hadde like låg del heilt arbeidsløyse som snittet for Norge var i mars 2015.

Stor fart i Rogaland

I januar var det ein reduksjon i delen heilt arbeidslause på 21 prosent i Rogaland samanlikna med januar 2018. Samtidig ble det lyst ut nesten 4 700 stillingar. - Arbeidsmarknaden i Rogaland har fått ein god start i 2019, fortel direktør for NAV Rogaland, Merethe P. Haftorsen.

3,2 prosent arbeidsløyse i desember

Justert for *sesongvariasjonar var det stabil arbeidsløyse i Rogaland i desember samanlikna med november. Den registrerte bruttoarbeidsløysa** var på 3,2 prosent ved utgangen av månaden. – Rogaland har snart like lav del arbeidsløyse av arbeidsstyrka som snittet for alle fylka i Noreg, seier fylkesdirektør Merethe Haftorsen.

720 nye stillingar innan ingeniør og ikt- fag i Rogaland

Justert for *sesongvariasjonar var det stabil arbeidsløyse i Rogaland i november samanlikna med oktober. Den registrerte bruttoarbeidsløysa** var på 3,1 prosent ved utgangen av månaden. – Det er også i november flest ledige stillingar for ingeniør og ikt-fag, seier Merethe Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.

Lågaste arbeidsløyse sidan januar 2015

Justert for *sesongvariasjonar var det ein reduksjon i arbeidsløysa i Rogaland i oktober. Den registrerte bruttoarbeidsløysa** var på 3,1 prosent ved utgangen av månaden.

3,2 prosent arbeidsløyse i Rogaland

– I september er det reduksjon i arbeidsløysa, samstundes som det blei utlyst nesten 3 200 stillingar. Det er spesielt ein stor auke i ledige stillingar for ingeniør og ikt – fag, seier Anneline Teigen, fungerande direktør i NAV Rogaland.

Framleis nedgang i arbeidsløysa i Rogaland

Justert for *sesongvariasjonar var det ein reduksjon i arbeidsløysa i Rogaland i august. Den registrerte bruttoarbeidsløysa** var på 3,4 prosent ved utgangen av månaden.

Stabil arbeidsløyse i Juli

Justert for sesongvariasjonar var arbeidsløysa stabil i Rogaland i Juli. Den registrerte bruttoarbeidsløysa** var 3,5 prosent ved utgangen av månaden.

Fortsatt nedgang i arbeidsløysa i Rogaland

Nedgangen i den sesongjusterte arbeidsløysa held fram i Rogaland og ved utgangen av juni er den registrerte bruttoarbeidsløysa** 3,3 prosent.

3,5 prosent arbeidsløyse

Det siste året har arbeidsløysa gått meir ned i Rogaland enn i resten av landet. Bruttoarbeidsløysa** i mai er 3,5 prosent i fylket og 2,9 prosent i landet. Nedgangen i den sesongjusterte arbeidsløysa held fram i Rogaland og talet ledige stillingar er framleis høgt.

Lågaste arbeidsløyse i Rogaland sidan juli 2015

Nedgangen i den sesongjusterte arbeidsløysa held fram i Rogaland. – Den positive utviklinga i arbeidsmarknaden i Rogaland med stadig færre arbeidslause og mange utlyste stillingar kjem alle til gode, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.

Nedgang i arbeidsløysa i mars

– For første gang på 3 år er det færre enn 8 000 heilt arbeidslause i Rogaland, seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.

Forventa utvikling i februar

Nedgangen i den sesongjusterte arbeidsløysa held fram i februar. – At nedgangen i arbeidsløysa held fram er som forventa på bakgrunn av våre prognosar for 2018 og normale sesongmessige svingingar seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.

Positiv inngang til 2018

Nedgangen i den sesongjusterte arbeidsløysa held fram som venta i januar. – Den gjennomgåande trenden i 2017 var ein jamn nedgang i arbeidsløysa når ein tek høgde for normale sesongvariasjonar. Vi gjer rekning med at denne trenden vil vere like sterkt gjeldande i 2018 seier Truls Nordahl, direktør i NAV Rogaland.