Reglane for å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring er ulike ut ifrå kva utdanning eller opplæring du skal ta.

  1. Du må først søke om dagpengar dersom du ikkje har gjort det.

  2. Du må dokumentere utdanninga eller opplæringa du tek. Dersom du ikkje har alle vedlegga når du søker, kan du ettersende dei innan 14 dagar.

    Du kan søke sjølv om du får støtte frå Lånekassen.

  3. Du må sende meldekort kvar 14. dag. Svar ja på spørsmålet om tiltak, kurs og utdanning på meldekorta dei dagane du deltek på utdanning eller opplæring. Dette gjeld òg medan du venter på svar på søknaden din.

    Du får ikkje utbetalt dagpengar før NAV har godkjent utdanninga eller opplæringa di.

Reglane for å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring er ulike ut ifrå kva utdanning eller opplæring du skal ta.

Du må ha vore heilt arbeidsledig eller heilt permittert den datoen du sist fekk innvilga dagpengar frå, for å ha rett til å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring. Er du tilkallingsvikar, reknar vi deg ikkje som heilt arbeidsledig.

Etter at du har sendt inn søknaden kan du jobbe ved sida av dagpengane.

Hovudregelen er at du må ha fylt 25 år og at søknaden din om dagpengar blei behandla av NAV for minst 12 veker sidan, sjå dato på vedtaksbrevet.

Unntak frå hovudregelen:

  • Har du fylt 25 år, men ikkje fullført grunnskulen eller vidaregående skule, treng du ikkje å ha fått behandla søknaden for minst 12 veker sidan.
  • Har du begynt på skulen minst 12 veker før datoen du fekk innvilga dagpengar frå, treng du ikkje å ha fylt 25 år eller å ha fått behandla søknaden for minst 12 veker sidan.

Du kan ta grunnskule, vidaregående skule eller opplæring i grunnleggande ferdigheiter på heil- eller deltid i inntil ein heil dagpengeperiode.

Sjølv om du tidlegare har fått godkjent å kombinere dagpengar med utdanning, må du sende inn ny søknad dersom du får innvilga ein ny dagpengeperiode.

Du må ha vore heilt arbeidsledig eller heilt permittert den datoen du sist fekk innvilga dagpengar frå, for å ha rett til å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring. Er du tilkallingsvikar, reknar vi deg ikkje som heilt arbeidsledig.

Etter at du har sendt inn søknaden kan du jobbe ved sida av dagpengane.

Hovudregelen er at du må ha fylt 25 år og at søknaden din om dagpengar blei behandla av NAV for minst 12 veker sidan, sjå dato på vedtaksbrevet. Dette gjeld ikkje dersom du har begynt på skulen minst 12 veker før datoen du fekk innvilga dagpengar frå.

Du kan ta fagskule på heil- eller deltid i inntil ein heil dagpengeperiode.

Sjølv om du tidlegare har fått godkjent å kombinere dagpengar med utdanning, må du sende inn ny søknad dersom du får innvilga ein ny dagpengeperiode.

Du må ha vore heilt arbeidsledig eller heilt permittert den datoen du sist fekk innvilga dagpengar frå, for å ha rett til å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring. Er du tilkallingsvikar, reknar vi deg ikkje som heilt arbeidsledig.

Etter at du har sendt inn søknaden kan du jobbe ved sida av dagpengane.

Utdanninga du tek må gi studiepoeng, og du kan ikkje ta meir enn 15 studiepoeng per halvår.

Hovudreglane for deg som vil ta høgare utdanning i kombinasjon med dagpengar er:

  • Du må ha fylt 30 år
  • NAV må ha behandla søknaden din om dagpengar for minst 12 veker sidan, sjå dato på vedtaksbrevet.

Dersom du har begynt på skulen minst 12 veker før datoen du fekk innvilga dagpengar frå, treng du ikkje å ha fylt 30 år og du treng ikkje å ha fått behandla søknaden for minst 12 veker sidan.

Du kan ta høgare utdanning på universitets- eller høgskulenivå i inntil 12 månadar i løpet av ein dagpengeperiode.

Du må ha vore heilt arbeidsledig eller heilt permittert den datoen du sist fekk innvilga dagpengar frå, for å ha rett til å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring. Er du tilkallingsvikar, reknar vi deg ikkje som heilt arbeidsledig.

Etter at du har sendt inn søknaden kan du jobbe ved sida av dagpengane.

Hovudregelen er at du må ha fylt 25 år og at søknaden din om dagpengar blei behandla av NAV for minst 12 veker sidan, sjå dato på vedtaksbrevet.

Dersom du har begynt på kurset eller opplæringa minst 12 veker før datoen du fekk innvilga dagpengar frå, treng du ikkje å ha fylt 25 år eller ha fått behandla søknaden for minst 12 veker sidan.

Kurset kan maksimalt tilsvare 3 månader opplæring på fulltid. Du kan ta kurs på deltid eller som er delt opp i bolkar. Er kurset ein del av eit lengre utdanningsløp, ser vi på den totale lengden av utdanninga.

Dersom du deltek på godkjent opplæring i norsk med samfunnskunnskap etter integreringsloven, kan du ha rett til å kombinere dagpengar med opplæringa i inntil 1 år.

Opplæringa kan delast opp i bolkar som til saman tilsvarer 1 år.

I spesielle tilfelle kan du be om å få forlenga perioden for å få fullført opplæringa.

Dersom du deltek i introduksjonsprogrammet etter integreringsloven, kan du ha rett til å kombinere dagpengar med å delta i introduksjonsprogrammet.

Som hovudregel vil NAV lage ein opplæringsplan for deg ut ifrå opplysningar du gir i søknaden om å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring. Opplæringsplanen inneheld ein plan, eit mål og ei beskriving av utdanninga eller opplæringa du skal ta.

Dersom du har vesentlege avvik frå opplæringsplanen utan rimeleg grunn, for eksempel om du har høgt fråvær eller ikkje leverer avtalt arbeid, kan du miste retten til å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring i 6 månader.

Det er NAV som vurderer kva som er vesentlege avvik og rimeleg grunn.

Hovudregelen er at du må vere aktiv jobbsøkar når du tek utdanning eller opplæring for å ha rett til dagpengar.

Dersom du går på, og ikkje tidlegare har fullført grunnskulen eller vidaregåande skule, treng du ikkje å ta arbeid som ikkje kan kombinerast med opplæringa.

Du får ikkje utbetalt dagpengar før NAV har godkjent utdanninga eller opplæringa di. Startar du på utdanninga eller opplæringa, og den ikkje blir godkjent, stansar vi dagpengane dine.

Viss du søker om dagpengar på nytt, må du avbryte utdanninga eller opplæringa di.

Deltek du i organiserte aktivitetar som gir deg kunnskap du kan bruke i eit yrke, reknar vi at du er under utdanning eller opplæring. Døme på dette kan vere undervisning på vidaregåande skule, universitet, høgskule, fagskule, folkeuniversitetet og privatistutdanning, arbeid med doktorgradavhandling, timar på køyreskule, truckførerkurs, ulike datakurs eller andre kurs som skal betre kompetansen din.

Les du fagstoff som ein fritidsaktivitet utan å høyre til ein studiestad, blir du ikkje rekna for å vere under utdanning.

utdanning.no finn du gratis nettbaserte kurs- og utdanningstilbod. Kursa kan bidra til å auke kompetansen din innanfor utvalde bransjar. Sjå òg Studier innen fleksible utdanningstilbud på utdanning.no.

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse tilbyr òg gratis karriererettleiing. Les meir på karriereveiledning.no.