Utdanning og dagpengar | www.nav.no

Utdanning og dagpengar

Sist oppdatert 24. februar 2021 13:11

Du kan kombinere utdanning med dagpengar dersom du ikkje mottek lån frå Lånekassen fram til 1. juli 2021. Mottek du lån frå Lånekassen, kan du søke om å få godkjend utdanning med rett til dagpengar.

Du må søke dagpengar som permittert eller arbeidsledig.

Du treng ikkje å søke om godkjenning av utdanninga di dersom du ikkje mottek lån frå Lånekassen. Dette gjeld frå 20. april 2020 til 1. juli 2021. Kryss av for at du er under utdanning på meldekorta.

Sjølv om du no kan ta utdanning og samtidig få dagpengar, er det eit krav om at du må vere aktiv jobbsøkar og vere tilgjengeleg dersom du skulle få tilbod om ny jobb.

Får du støtte frå Lånekassen må du søke om å få godkjend utdanninga di før du byrjar på utdanninga.

Dersom utdanninga ikkje gir rett til dagpenger, vil du ikkje få utbetalt dagpenger for periodar du har vore under utdanning, sjølv om du seinare avbryt utdanninga.

Du søker om godkjenning enten i søknad om dagpengar eller ved å sende inn skjemaet søknad om godkjenning av utdanning (skjema NAV 04-06.05).

Kryss av for at du er under utdanning på meldekorta.

Deltek du i organiserte aktivitetar som gir deg kunnskap du kan bruke i eit yrke, reknar vi at du er under utdanning eller opplæring. Døme på dette kan vere undervisning på vidaregåande skule, universitet, høgskule, folkeuniversitetet og privatistutdanning, arbeid med doktorgradavhandling, timar på køyreskule, truckførerkurs, ulike datakurs eller andre kurs som skal betre kompetansen din.

Les du fagstoff som ein fritidsaktivitet utan å høyre til ein studiestad, blir du ikkje rekna for å vere under utdanning.

utdanning.no finn du gratis nettbaserte kurs- og utdanningstilbod, desse er utvikla i regi av staten og partane i arbeidslivet. Kursa kan bidra til å auke kompetansen din innanfor utvalgte bransjar. Her finn du informasjon om nettbaserte kurs og utdanningar (utdanning.no).

Kompetanse Norge tilbyr òg gratis karriererettleiing. Les meir på karriereveiledning.no.