Student

Har du blitt arbeidsledig eller permittert, kan du ha rett til dagpenger. Dagpenger er økonomisk støtte fra NAV når du er på vei tilbake i arbeid.

Sist oppdatert 21. juli 2020 09:39
  • Du kan ha rett til dagpengar i kombinasjon med utdanning eller opplæring, dersom du ikkje får støtte frå Statens Lånekasse for Utdanning.
  • Dette er ei mellombels ordning som følge av koronasituasjonen. Ordninga gjeld frå 20. april til 31. desember 2020.
  • Du treng ikkje å søke om å få godkjend utdanninga di.

REGISTRER DEG SOM ARBEIDSSØKAR OG SØK DAGPENGAR

Når du har registrert deg som arbeidssøkar, kjem du til søknad om dagpengar. Får du ikkje registrert deg, må du kontakte NAV så raskt som mogleg.

Les informasjon fra lånekassen om økomomisk støtte i koronasituasjonen.

Se og vanlege regler om dagpenger og utdanning.

Arbeidsgjevaren din skal betale deg løn dei 2 første dagane du er permittert. Arbeidsgjevaren din må gi opplysningar til NAV for at du skal få kompensasjon for tap av løn for dag 3-20.

Meir informasjon om kompensasjon for tap av løn.

På grunn av koronasituasjonen forventar vi lengre saksbehandlingstid på søknader om dagpengar. Permitterte og arbeidsledige som ventar på å få behandla søknaden sin, kan søke om forskot på dagpengar. NAV trekk forskotet frå framtidige utbetalingar.

SØK OM FORSKOT PÅ DAGPENGAR

  • Ha sendt ein søknad om dagpengar og sender meldekort kvar 14.dag
  • Fylle grunnleggande krav for rett til dagpengar
  • Søke om forskot
  • Ha elektronisk ID (BankID, Buypass eller Commfides)

Du kan få forskot for éin månad om gongen. Det betyr at alle som har fått forskot og ønsker forskot for éin måned til, kan søke om dette igjen. Du kan tidlegast sende ny søknad éin månad etter at du sende førre søknad.

Les meir om forskot på dagpengar her.

Ordninga gjeld alle arbeidsledige og permitterte som fyller vilkåra for dagpengar. Den gjeld dermed og for dei som allereie fekk dagpengar då koronakrisa kom.

Du kan kombinere alle slags kurs og opplæring med rett til dagpengar i perioden frå 20. april til 31. desember 2020.

Det er ikkje avgjerande når du starta i utdanning eller opplæring. Du kan ha starta opp utdanninga eller opplæringa både medan du var i arbeid og etter at du blei permittert eller arbeidsledig.

Det avgjerande er om du får støtte frå Statens lånekasse for utdanning. Dei som får slik støtte er trygga gjennom utvida moglegheit til lån og stipend.

Får du støtte frå Lånekassa etter at du har fått dagpengar, vil du ikkje lenger ha rett til dagpengar etter denne ordninga. Du må då straks melde frå til NAV. Bruk tenesta Skriv til oss, vel «Jobbsøker». Du kan likevel ha rett til dagpengar om du kjem inn under nokre av unntaka i forskrift om dagpengar. Du må då levere søknad om å få behalde dagpengane under utdanning. Les mer om dagpenger og utdanning.

Sjølv om du no kan ta utdanning og samtidig få dagpengar, er det eit krav om at du må vere aktiv jobbsøkar og vere tilgjengeleg dersom du skulle få ny jobb.

Dersom du ikkje blir ferdig med utdanninga eller opplæringa før du startar i jobb igjen, er det opp til deg om du vel å avbryte denne, eller om du vil fullføre utdanninga eller opplærlinga i kombinasjon med arbeid.

Startar du på eit lengre opplæringsløp, må du tenke på at dette er ei mellombels ordning som gjeld fram til 31. desember 2020. Du må rekne med å måtte søke om å kombinere dagpengar og utdanning dersom du hald fram med utdanninga etter at ordninga er avslutta.