Lærling

Har du blitt arbeidsledig eller permittert, kan du ha rett til dagpenger. Dagpenger er økonomisk støtte fra NAV når du er på vei tilbake i arbeid.

Sist oppdatert 9. oktober 2020 13:41
  • Frå 20. mars til og med 31. oktober 2020 kan du som permittert lærling, lærekandidat eller praksisbrevkandidat ha rett til dagpengarn utan å fylle kravet om miste arbeidsinntekt. Dette er ei mellombels ordning som følge av koronasituasjonen.
  • For å ha rett til dagpengar som lærling, må du fortsette utdanninga di.
  • Arbeidsgivaren din kan ikkje be deg jobbe gratis. Jobbar du, skal du få betalt. Du skal føre timane du jobbar på meldekortet.
  • Er du ikkje lenger under utdanning, kan du ha rett til dagpengar etter dei vanlege dagpengereglane. Du må uansett registrere deg som arbeidssøkar og sende søknad om dagpengar.

REGISTRER DEG SOM ARBEIDSSØKAR OG SØK DAGPENGAR

Du som er lærling er fritatt kravet om å vere aktiv jobbsøkar. Dette er et vilkår andre må oppfylle for å ha rett til dagpenger.

Nokre lærlingar vil få meir i dagpengar etter vanlege reglar. Vel du å få dagpengar etter vanlege reglar, må du oppfylle kravet om å vere aktiv jobbsøkar.

For å rekne ut kor mykje du kan få, tek vi utgangspunkt i inntekta di den siste månaden før du mista inntekt og gongar denne med 12. Om det løner seg for deg, tek vi utgangspunkt i inntekta di dei siste 3 månadene og gonger denne med 4. Du som er lærling kan få summen av:

  • 100 % av inntekta di under 152 027 kroner (1,5 G)
  • 62,4% av inntekta di mellom 152 027 kroner (1,5 G) og 608 106 kroner (6 G)

Forstå reknestykket

  • Desse inntektene tek vi med: løn som lærling, løn som arbeidstaker, sykepenger, omsorgspenger, pleiepenger, opplæringspenger, svangerskapspenger, foreldrepenger ved fødsel og adopsjon og dagpenger.
  • Desse inntektene tek vi ikkje med: næringsinntekt, arbeidsavklaringspenger og engangsstønad ved fødsel.

Har du hatt verneplikt det siste året eller vanleg jobb dei siste tre åra, vil det i nokre tilfelle løne seg for deg at NAV bereknar dagpengane etter vanlege reglar, og ikkje etter reglane for lærlingar. Søker du dagpengar frå ein dato i etter 20.04, vil NAV rekne ut kva som løner seg for deg.