Historikk

Historiske versjoner

Lærling og dagpengar

faktaSide
Id: cc1907fc-0f13-4365-99e1-c3ca112ad053
Valgt dato:

Rekonstruksjon

Lærling og dagpengar

For deg som allereie har fått innvilga dagpengar som lærling blir ordninga forlenga til 28. februar 2022.

Viss du blir arbeidsledig eller permittert kan du søke om dagpengar. Ordninga for lærlingar er gjeninført frå 15. desember 2021.

Lærlingar er fritatt frå kravet om å vere aktiv arbeidssøkar. Dette er eit vilkår andre må oppfylle for å ha rett til dagpengar.

Du må likevel registrere deg som arbeidssøkar og sende meldekort kvar 14. dag.

  • Desse inntektene tek vi med: løn som lærling, løn som arbeidstakar, sjukepengar, omsorgspengar, pleiepengar, opplæringspengar, svangerskapspengar, foreldrepengar ved fødsel og adopsjon og dagpengar.
  • Desse inntektene tek vi ikkje med: næringsinntekt, arbeidsavklaringspengar og eingongsstønad ved fødsel.

Har du hatt verneplikt det siste året eller vanleg jobb dei siste tre åra, vil det i nokre tilfelle løne seg for deg at NAV reknar dagpengane etter vanlege reglar, og ikkje etter reglane for lærlingar. NAV reknar ut kva som løner seg for deg.