Historikk

Historiske versjoner

Utdanning og dagpengar

faktaSide
Id: 50093a63-4c50-446d-98ce-96c171e8d983
Valgt dato:

Rekonstruksjon

Utdanning og dagpengar

Frå 1. oktober 2021 gjeld nye reglar for utdanning i kombinasjon med dagpengar. Det er eigne overgangsreglar for deg som starta utdanning eller opplæring medan du mottok dagpengar før 1. oktober.

Reglane for å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring er ulike ut ifrå kva utdanning eller opplæring du skal ta.

Som hovudregel vil NAV lage ein opplæringsplan for deg ut ifrå opplysningar du gir i søknaden om å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring. Opplæringsplanen inneheld ein plan, eit mål og ei beskriving av utdanninga eller opplæringa du skal ta.

Dersom du har vesentlege avvik frå opplæringsplanen utan rimeleg grunn, for eksempel om du har høgt fråvær eller ikkje leverer avtalt arbeid, kan du miste retten til å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring i 6 månader.

Det er NAV som vurderer kva som er vesentlege avvik og rimeleg grunn.

Hovudregelen er at du må vere aktiv jobbsøkar når du tek utdanning eller opplæring for å ha rett til dagpengar.

Dersom du går på, og ikkje tidlegare har fullført grunnskulen eller vidaregåande skule, treng du ikkje å ta arbeid som ikkje kan kombinerast med opplæringa.

Reglane for å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring er ulike ut ifrå kva utdanning eller opplæring du skal ta.

Du må ha vore heilt arbeidsledig eller heilt permittert den datoen du sist fekk innvilga dagpengar frå, for å ha rett til å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring. Er du tilkallingsvikar, reknar vi deg ikkje som heilt arbeidsledig.

Etter at du har sendt inn søknaden kan du jobbe ved sida av dagpengane.

Hovudregelen er at du må vere fylt 25 år og at søknaden din om dagpengar blei behandla av NAV for minst 12 veker sidan, sjå dato på vedtaksbrevet.

Unntak frå hovudregelen:

  • Har du fylt 25 år, men ikkje fullført grunnskulen eller vidaregående skule, treng du ikkje å ha fått behandla søknaden for minst 12 veker sidan.
  • Har du begynt på skulen minst 12 veker før datoen du fekk innvilga dagpengar frå, treng du ikkje å ha fylt 25 år eller å ha fått behandla søknaden for minst 12 veker sidan.

Du kan ta grunnskule, vidaregående skule eller opplæring i grunnleggande ferdigheiter på heil- eller deltid i inntil ein heil dagpengeperiode.

Sjølv om du tidlegare har fått godkjent å kombinere dagpengar med utdanning, må du sende inn ny søknad dersom du får innvilga ein ny dagpengeperiode.

Du må ha vore heilt arbeidsledig eller heilt permittert den datoen du sist fekk innvilga dagpengar frå, for å ha rett til å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring. Er du tilkallingsvikar, reknar vi deg ikkje som heilt arbeidsledig.

Etter at du har sendt inn søknaden kan du jobbe ved sida av dagpengane.

Hovedregelen er at du må vere fylt 25 år og at søknaden din om dagpengar blei behandla av NAV for minst 12 veker sidan, sjå dato på vedtaksbrevet. Dette gjeld ikkje dersom du har begynt på skulen minst 12 veker før datoen du fekk innvilga dagpengar frå.

Du kan ta fagskule på heil- eller deltid i inntil ein heil dagpengeperiode.

Sjølv om du tidlegare har fått godkjent å kombinere dagpengar med utdanning, må du sende inn ny søknad dersom du får innvilga ein ny dagpengeperiode.

Du må ha vore heilt arbeidsledig eller heilt permittert den datoen du sist fekk innvilga dagpengar frå, for å ha rett til å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring. Er du tilkallingsvikar, reknar vi deg ikkje som heilt arbeidsledig.

Etter at du har sendt inn søknaden kan du jobbe ved sida av dagpengane.

Utdanninga du tek må gi studiepoeng, og du kan ikkje ta meir enn 15 studiepoeng per halvår.

Hovudreglane for deg som vil ta høgare utdanning i kombinasjon med dagpengar er:

  • Du må vere fylt 30 år
  • NAV må ha behandla søknaden din om dagpengar for minst 12 veker sidan, sjå dato på vedtaksbrevet.

Dersom du har begynt på skulen minst 12 veker før datoen du fekk innvilga dagpengar frå, treng du ikkje å ha fylt 30 år og du treng ikkje å ha fått behandla søknaden for minst 12 veker sidan.

Du kan ta høgare utdanning på universitets- eller høgskulenivå i inntil 12 månadar i løpet av ein dagpengeperiode.

Du må ha vore heilt arbeidsledig eller heilt permittert den datoen du sist fekk innvilga dagpengar frå, for å ha rett til å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring. Er du tilkallingsvikar, reknar vi deg ikkje som heilt arbeidsledig.

Etter at du har sendt inn søknaden kan du jobbe ved sida av dagpengane.

Hovudregelen er at du må vere fylt 25 år og at søknaden din om dagpengar blei behandla av NAV for minst 12 veker sidan, sjå dato på vedtaksbrevet.

Dersom du har begynt på kurset eller opplæringa minst 12 veker før datoen du fekk innvilga dagpengar frå, treng du ikkje å ha fylt 25 år eller ha fått behandla søknaden for minst 12 veker sidan.

Kurset kan maksimalt tilsvare 3 månader opplæring på fulltid. Du kan ta kurs på deltid eller som er delt opp i bolkar. Er kurset ein del av eit lengre utdanningsløp, ser vi på den totale lengden av utdanninga.

Dersom du deltek på godkjent opplæring i norsk med samfunnskunnskap etter integreringsloven, kan du ha rett til å kombinere dagpengar med opplæringa i inntil 1 år.

Opplæringa kan delast opp i bolkar som til saman tilsvarer 1 år.

I spesielle tilfelle kan du be om å få forlenga perioden for å få fullført opplæringa.

Dersom du deltek i introduksjonsprogrammet etter integreringsloven, kan du ha rett til å kombinere dagpengar med å delta i introduksjonsprogrammet.

Kva overgangsreglar som gjeld for deg, er avhengig av om du har fått godkjent utdanninga eller opplæringa di etter det midlertidige, eller det tidlegare regelverket for dagpengar og utdanning.

Frå 20. april 2020 til og med 30. september 2021, har det vore eit midlertidig regelverk for dagpengar i kombinasjon med utdanning eller opplæring. I denne perioden har alle som ikkje har motteke støtte frå Lånekassen, hatt moglegheit til å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring utan å søke om dette.

Overgangsreglar for det midlertidige regelverket:

Du kan fortsette på utdanninga eller opplæringa som før fram til 31. desember 2021. Du treng ikkje å søke om dette. Du må fortsatt føre dagane du tar utdanning eller opplæring på meldekorta dine.

Dersom du ynskjer å fortsette å kombinere dagpengar med utdanninga eller opplæringa etter 31. desember 2021, må du søke om å få den godkjent. Send inn søknaden i god tid før 31. desember 2021. Frå 1. januar 2022 gjeld det nye regelverket.

Dersom du mottek støtte frå Lånekassen, har du fått godkjent utdanninga eller opplæringa di etter eit regelverk som gjaldt før koronapandemien og fram til 1. oktober 2021. I nokre tilfelle har du som ikkje mottek støtte frå Lånekassen fått godkjent utdanninga eller opplæringa di etter det samme regelverket.

Overgangsreglar for det tidlegare regelverket:

Du kan fortsette å studere eller ta opplæring i den perioden du tidlegare har fått godkjent, sjølv om perioden varer lenger enn 30. september 2021. Sjå kva periode du har fått godkjent i vedtaket ditt på Ditt NAV.

Sjølv om overgangsreglane gjeld for deg, kan du søke etter dei nye reglane om du meiner dei passer betre med utdanninga eller opplæringa di. Då må du sende inn ein ny søknad om å kombinere dagpengar med utdanning eller opplæring.

Deltek du i organiserte aktivitetar som gir deg kunnskap du kan bruke i eit yrke, reknar vi at du er under utdanning eller opplæring. Døme på dette kan vere undervisning på vidaregåande skule, universitet, høgskule, fagskule, folkeuniversitetet og privatistutdanning, arbeid med doktorgradavhandling, timar på køyreskule, truckførerkurs, ulike datakurs eller andre kurs som skal betre kompetansen din.

Les du fagstoff som ein fritidsaktivitet utan å høyre til ein studiestad, blir du ikkje rekna for å vere under utdanning.

utdanning.no finn du gratis nettbaserte kurs- og utdanningstilbod. Kursa kan bidra til å auke kompetansen din innanfor utvalde bransjar. Sjå òg Studier innen fleksible utdanningstilbud på utdanning.no.

Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse tilbyr òg gratis karriererettleiing. Les meir på karriereveiledning.no.