Minstepensjon

Help

Minstepensjon er ei garantert minste pensjonsyting frå folketrygda for ein pensjonist som har full trygdetid (40 år) og får ugraderte ytingar.

Kven kan få minstepensjon?

Minstepensjon er ei nemning på garantert minste pensjon til pensjonistar som mottek:

  • attlevandepensjon
  • uføretrygd

Minstepensjon vert utbetalt uavhengig av tidlegare inntekt til pensjonsmottakarar som ikkje har tent opp tilleggspensjon eller som har tent opp tilleggspensjon som er lågare enn særtillegget i folketrygda. Særtillegget vert avkorta for det som vert ytt i tilleggspensjon. 

Korleis vert minstepensjonen berekna?

Minstepensjon består av grunnpensjon og særtillegg.

For einsleg pensjonist er minstepensjonen summen av grunnbeløpet i folketrygda (G) og særtillegg etter ordinær sats (100 prosent av G).

Ein minstepensjonist som er gift med ein pensjonist som har høgare tilleggspensjon enn særtillegget, får særtillegg berekna etter minstesats (74 prosent av G).

Minstepensjonist som forsørgjer ektefelle kan få ektefelletillegg. Ein pensjonist som forsørgjer ektefelle over 60 år, kan i tillegg til ektefelletillegg få eit særtillegg lik to gonger ordinær sats.

For et ektepar utgjer samla minstepensjon 170 prosent av G tillagt to gonger særtillegget etter ordinær sats.

Minstepensjon blir redusert dersom trygdetida er kortare enn 40 år.

Uføretrygd og minstepensjon

Du er sikra ei minste årleg uføretrygd dersom dette gir deg ei høgare utbetaling enn det du sjølv har tent opp i uføretrygd.

Kor mykje du har rett til å få utbetalt, er avhengig av trygdetida. Storleiken på minsteytinga er også avhengig av om du er einsleg eller bur saman med ektefelle, partnar eller sambuar.

Dersom du lever saman med ektefelle, partnar eller i eit sambuarforhold som har vart i minst 12 av dei siste 18 månadene, er minste årlege yting 2,28 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Per 1. januar 2015 utgjer dette 201 483 kroner. Er du einsleg, er den årlege ytinga 2,48 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Per januar 2015 utgjer dette 219 157 kroner. 

Dersom du får minsteyting og sivilstanden din endrar seg, må du melde frå om dette til NAV. Dersom NAV ikkje har dei rette opplysningane om sivilstanden din, kan du få utbetalt for mykje eller for lite i uføretrygd.

Kva kan du få?

Minstepensjon for ulike grupper .

Andre ordningar som kan være aktuelle

Les om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg under relatert informasjon.

Meld frå om endringar

Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller planlegg opphald i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Du vil normalt ha pengane på konto den 20. kvar månad, sjå meir utbetalingsinformasjon. Nokre stønader har tidlegare utbetaling i desember.

Du kan òg sjekke utbetalingar i tenesta Dine utbetalinger.