Honnørkort

Language

Med honnørkort får du redusert billettpris ved bruk av kollektiv transport. Kortet gir også rett til honnørrabatt for ektefelle eller registrert partner (uansett alder) når dere reiser i lag.

Personer som er minst 50 prosent uføretrygda, vil automatisk få tilsendt honnørkort frå NAV i samband med vedtak om uføretrygd. Dette kjem per post, i tillegg til elektronisk vedtak på Ditt NAV.

I januar 2017 fekk honnørkortet eit meir praktisk format. Tidligare honnørkort er fortsatt gyldige, slik at du som allereie har honnørkort ikkje treng å byte til nytt kort.

Manglar eller mista honnørkortet?

Dersom honnørkortet manglar saman med vedtaket om uføretrygd, eller du har mista/øydelagd honnørkoret, kan du

  • ringe oss på telefon 55 55 33 33, tasteval 4 (Alternativet «Gjelder det uføretrygd»), eller
  • bestille nytt honnørkort via tenesta Send beskjed til NAV

Svaksynte og blinde

Svaksynte og blinde kan få honnørkort. Det er Noregs Blindeforbund som skriv ut honnørkort i desse tilfella.

Kompetansesenter for døvblinde skriv ut eit eige moderasjonskort til døvblinde som gir same rettar som honnørkort.

Meir om honnørkort

regjeringa.no finn du meir informasjon om kven som kan få honnørrabatt og kva type reiser rabatten gjeld for.