Utbetalingsinformasjon frå NAV er digital

Alle kan sjå sin eigen utbetalingsinformasjon på Ditt NAV på nav.no. NAV har i all hovudsak slutta å sende utbetalingsmeldingar i posten.

Dersom du ikkje kan bruke Ditt NAV, kan du ringe NAV Kontaktsenter og få utbetalingsinformasjonen lesen opp.

Utbetalinga kjem som normalt

Det er berre utbetalingsmeldingar som ikkje blir sendt ut med post eller til digital postkasse. Du har pengane på kontoen din på dei vanlege utbetalingsdatoane. På kontoinformasjonen frå banken kjem det fram kva du har fått utbetalt frå NAV, og på skattekortet ser du kva du betaler i skatt.

Det er kun utbetalingsmeldingar for omsorgspengar, pleiepengar, sjukepengar og foreldrepengar som inntil vidare kjem i posten eller i digital postkasse.

NAV sender melding om endring dersom ytinga di endrar seg utover reguleringar og satsendringar. Har du reservert deg mot digital post, får du brev om endringane i posten. NAV sender alltid melding dersom pensjonen endrar seg utover reguleringar og satsendringar.

God oversikt på Ditt NAV

Når du loggar deg på Ditt NAV får du oversikt over utbetalingane dine, og du ser kva beløp som blir utbetalt. Du kan sjå utbetalingar 3 år tilbake i tid. Pensjonistar og uføre kan sjå utbetalingar 4 år tilbake i tid i Din Pensjon og Uføretrygd.

Utskrift i spesielle tilfelle

I spesielle tilfelle kan du få utskrift av utbetalingsmeldinga tilsendt i posten. Ein rettleiar vil saman med den som ringer vurdere om det er behov for ei utskrift i det enkelte tilfellet. Spesielle tilfelle kan vere dokumentasjon til lånesøknad eller for klage ved mogleg feilutbetaling, og enkelte andre tilfelle.

Fullmakt

For pensjonistar og uføretrygda finst det to typar fullmakter. Den eine gir innsyn i Din pensjon og Ditt NAV, og den andre gir høve til å ringe NAV Kontaktsenter på vegne av ein annan. 

  • Fullmakt som gir lesetilgang til utbetalingsinformasjonen på Din Pensjon og Ditt NAV, blir gitt når ein er logga inn i Din Pensjon under Fullmakter.
  • Fullmakt til å ringe NAV Kontaktsenter og få informasjon om utbetalingane, blir gitt ved å skrive ut ei fullmakt, signere den og sende til NAV i posten. Denne fullmakta gir ikkje tilgang til utbetalingsmeldingane på Ditt NAV eller Din Pensjon. 

Hjelp til sjølvhjelp

For deg som er usikker på korleis du skal logge inn og finne utbetalingsinformasjonen på Ditt NAV, sjå brukarrettleiinga (pdf).

NAV Kontaktsenter kan hjelpe

Har du spørsmål om beløpet som er utbetalt og du ikkje kan bruke Ditt NAV, kan du ringe NAV. Pensjonistar kan ringe 55 55 33 34, alle andre kan ringe 55 55 33 33.

Ingen kan reservere seg

Utbetalingsmeldingane ligg på Ditt NAV sjølv om du har reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege. Det er ikkje mogleg å reservere seg mot digitale utbetalingsmeldingar.

Har du brukt utbetalingsslippen på apoteket?

Utbetalingsmeldinga er ikkje dokumentasjon på fritak for eigenandel på apoteket. Apoteka sjekkar sjølv kven som har fritak.

Fakta

Kva er digitalisering?

Digitale tenester betyr at opplysningar er tilgjengelege på internett. Regjeringa pålegg alle statlige verksemder å digitalisere sine tenester. Dette pålegget er årsaka til at NAV ikkje lenger skal sende utbetalingsinformasjon i posten, men i staden skal leggje det på Ditt NAV. Ditt NAV krev pålogging, og det er berre du som har tilgang til dine opplysningar.