Alderspensjon for deg som er fødd før 1954

Her finn du informasjon til deg som har begynt å ta ut pensjon eller planlegg å ta ut pensjon.

Alderspensjon frå folketrygda er ei ordning som sikrar deg inntekt når du blir pensjonist. Alderspensjonen er fleksibel, og du kan starte med å ta ut alderspensjon frå månaden etter at du fyller 62 år. Du kan fritt kombinere arbeid og pensjon utan at pensjonen din blir redusert.

Kven kan få alderspensjon?

For å ha rett til alderspensjon må du som hovudregel ha minst tre års trygdetid. Som trygdetid reknar vi periodar då du har budd og/eller arbeidd i Noreg.

Når kan du ta ut alderspensjon?

Det er opp til deg å vurdere når og korleis du ønskjer å ta ut alderspensjon, og kor mykje du vil arbeide ved sida av. Du kan ta ut alderspensjon frå månaden etter at du fyller 62 år. For å ta ut alderspensjon før du har fylt 67 år, må du ha tilstrekkeleg høg opptening. I Din pensjon kan du sjekke når du tidlegast kan ta ut pensjon, og sende inn elektronisk søknad.

Kombiner arbeid og alderspensjon

Du kan fritt kombinere alderspensjon med arbeid utan at pensjonen blir redusert.

Korleis tener du opp alderspensjon?

Oppteninga baserer seg i hovudsak på pensjonsgivande inntekt og butid.

Opptening basert på pensjonsgivande inntekt:

Du kan også tene opp pensjonsrettar basert på periodar du har budd i Noreg. Dette blir kalla trygdetid. Trygdetid får du frå det året du fylte 16 til og med det året du fylte 66.

Heil alderspensjon krev 40 års opptening. Har du kortare opptening, blir alderspensjonen din redusert i forhold til det.

Pensjonen frå folketrygda er sett saman av grunnpensjon og tilleggspensjon.

  • Grunnpensjon blir berekna uavhengig av tidlegare arbeidsinntekt. For å få full grunnpensjon må du ha minst 40 års trygdetid (som trygdetid reknar vi periodar du har budd og/eller arbeidd i Noreg).
  • Tilleggspensjonen er først og fremst tent opp gjennom den pensjonsgivande inntekta du har hatt, og pensjonspoenga dine. Du må ha minst tre år med pensjonspoeng for å ha rett til tilleggspensjon.

Har du hatt låg eller inga opptening av tilleggspensjon, består pensjonen din også av eit pensjonstillegg eller særtillegg. Dette skal sikre at du får ein pensjon som svarer til eit minste pensjonsnivå.

Har du kort butid i Norge når du fyller 67 år og er busett i Noreg, kan du ha rett på supplerande stønad.

Døme på berekning av pensjon

Pensjonen blir justert etter levealder

Den opptente pensjonen din skal fordelast på den forventa levetida for årskullet ditt. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen stig, må kvart årskull arbeide lenger enn det førre årskullet for å oppnå same pensjonen.

Levealdersjustering blir gjennomført ved hjelp av forholdstal.

Dersom du er fødd i 1942 eller tidlegare, blir pensjonen din ikkje levealdersjustert. Det same gjeld dersom du er fødd i 1943 og tok ut alderspensjon før 1. januar 2011.

Kva kan du få i alderspensjon?

Din pensjon kan du berekne alderspensjonen din, sjå når det tidlegast er mogleg for deg å ta ut pensjonen, og sjå pensjonsoppteninga di. Der kan du også sjå korleis det blir om du berre tek ut delar av pensjonen, eller korleis utbetalinga blir om du endrar uttakstidspunktet.

Kor stor del av alderspensjonen du vel å ta ut, og når du tek han ut, påverkar kor mykje du får utbetalt. Er du fødd etter 1942, kan du velje ulike uttaksgradar: 20, 40, 50, 60, 80 eller 100 prosent.

Den månadlege pensjonen blir høgare di lenger du ventar med uttaket. I tillegg kan pensjonen bli høgare dersom du held fram i arbeid samtidig som du tek ut pensjon. Du kan tene opp pensjon fram til og med det året du fyller 75 år.

Når kan du søkje om alderspensjon, og korleis søkjer du?

Du kan starte å ta ut alderspensjon frå månaden etter at du fylte 62 år, dersom du har høg nok opptening. Du bør søkje om pensjon om lag tre månader før du ønskjer at utbetalinga skal starte. Det er ikkje mogleg å søkje om fleksibel alderspensjon tilbake i tid, og du har tidlegast rett til alderspensjon frå månaden etter at NAV får søknaden din.

Det er enklast å søkje om pensjon elektronisk i tenesta Din pensjon. Då får du svar i løpet av få minutt.­ Dersom vi ikkje får behandla søknaden din automatisk, får du beskjed om det. Du kan også søkje om pensjon på papirblankett. Behandlinga av søknader på papir kan ta litt lengre tid.

Korleis blir alderspensjonen din regulert?

Medan du tener opp alderspensjon, blir pensjonsrettane dine regulerte kvart år etter lønnsveksten i samfunnet.

Når du tek ut alderspensjon, blir pensjonen kvart år regulert etter lønnsveksten, og pensjonen blir deretter redusert med 0,75 prosent.

Kor lenge kan du få alderspensjon?

Alderspensjonen din frå folketrygda er ei livsvarig yting. I samband med dødsfall blir alderspensjonen betalt ut til og med den månaden dødsfallet skjer.

Aktuelle tilleggsytingar

Dersom ektefellen, partnaren eller sambuaren din døyr, kan du ha rett på å få rettar etter avdøde berekna med i alderspensjonen din.

Forsørgjer du barn under 18 år eller ektefelle, kan du har rett på forsørgingstillegg. Tillegget omfattar barnetillegg og/eller ektefelletillegg.

Skal du til utlandet?

Dersom du skal opphalde deg i utlandet og får alderspensjon frå NAV, må du undersøkje om du kan ta med deg ytinga.

Har du budd eller arbeidd i utlandet, kan du ha rett til pensjon frå eit anna land. Du kan også lese meir om utlandsopphald.

Meld frå om endringar

Dersom du får pensjon og får endringar i familiesituasjonen, planlegg opphald i utlandet eller ektefellen, partnaren eller sambuaren din får endringar i inntekta, kan det få noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk. Du kan sjekke utbetalingsdatoar i tenesta Dine utbetalingar.

Du kan også sjekke utbetalingane i Din pensjon.