Alderspensjon for deg som er fødd i 1963 eller seinare

Dei vala du gjer gjennom livet, er med på å påverke pensjonen du får i framtida. Her kan du lese meir om korleis du tener opp pensjon.

Alderspensjon frå folketrygda er ei ordning som sikrar deg inntekt når du blir pensjonist. Alderspensjonen er fleksibel, og du kan starte med å ta ut alderspensjon frå månaden etter at du fyller 62 år. Du kan fritt kombinere arbeid og pensjon utan at pensjonen din blir redusert.

Kven kan få alderspensjon?

For å ha rett til alderspensjon må du som hovudregel ha hatt pensjonsgivande inntekt og/eller ha minst tre års trygdetid. Det vil seie at du må ha budd og/eller arbeidd i Noreg.

Når kan du ta ut alderspensjon?

Det er opp til deg å vurdere når og korleis du ønskjer å ta ut alderspensjon, og kor mykje du vil arbeide ved sida av. Du kan ta ut alderspensjon frå månaden etter at du fyller 62 år. For å ta ut alderspensjon før du har fylt 67 år, må du ha tilstrekkeleg høg opptening.

Din pensjon kan du sjekke når du tidlegast kan ta ut pensjon, og sende inn elektronisk søknad.

Kombiner arbeid og alderspensjon

Du kan fritt kombinere alderspensjon med arbeid utan at pensjonen blir redusert.

Korleis tener du opp alderspensjon?

Oppteninga baserer seg i hovudsak på pensjonsgivande inntekt:

  • For kvart år du har pensjonsgivande inntekt, blir 18,1 prosent av inntekta lagt inn i pensjonsbehaldninga di. Du tener opp til pensjon frå første krone.
  • Dagpengar, uføretrygd, sjukepengararbeidsavklaringspengar og omsorgsstønad blir også rekna som pensjonsgivande inntekt.
  • Du kan også få opptening til pensjonsbehaldninga basert på førstegongsteneste som blei påbegynt tidlegast i 2010.
  • Du kan få opptening for ulønt omsorgsarbeid.
  • Du kan få pensjonsopptening fram til og med året du fyller 75 år. Dersom du fylte 13 år i 2010 eller seinare, kan du få opptening frå det året du fylte/fyller 13 år. Var du 17 år eller eldre i 2010, kan du få opptening frå det året du fylte 17 år.

Du kan maksimalt få ei årleg pensjonsopptening på 18,1 prosent av 7,1 gonger grunnbeløpet (G), sjølv om du har tent opp pensjon på fleire grunnlag.

Du kan også tene opp pensjonsrettar basert på periodar du har budd i Noreg. Dette blir kalla trygdetid. Trygdetid blir gitt for periodar du har budd og/eller arbeidd i Noreg, frå det året du fylte 16 til og med det året du fyller 66.

Alderspensjonen frå folketrygda består av inntektspensjon og garantipensjon. Storleiken på inntektspensjonen din er avhengig av kor stor pensjonsbehaldning du har tent opp.

Har du hatt låg eller inga opptening, får du ein garantipensjon. Dette skal sikre at du får ein pensjon som minst svarer til eit garantipensjonsnivå. Full garantipensjon krev 40 års trygdetid. Har du kortare trygdetid, blir garantipensjonen redusert i forhold til det.

Har du kort butid i Noreg når du fyller 67 år og er busett i Noreg, kan du ha rett på supplerande stønad.

Døme på berekning av pensjon

Pensjonen blir justert etter levealderen

Den opptente pensjonen din skal fordelast på den forventa levetida for årskullet ditt. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull arbeide lenger enn det førre årskullet for å oppnå same pensjonen.

Levealdersjustering blir gjennomført ved hjelp av delingstal. Delingstalet fastsettes ut frå forventa levealder for årskullet ditt.

Kva kan du få i alderspensjon?

Din pensjon kan du berekne alderspensjonen din, sjå når det tidlegast er mogleg for deg å ta ut pensjonen, og sjå pensjonsoppteninga di. Der kan du også sjå korleis det blir om du berre tek ut delar av pensjonen, eller korleis utbetalinga blir om du endrar uttakstidspunktet.

Kor stor del av alderspensjonen du vel å ta ut, og når du tek han ut, påverkar kor mykje du får utbetalt. Du kan velje ulike uttaksgradar: 20, 40, 50, 60, 80 eller 100 prosent.

Den månadlege pensjonen blir høgare di lenger du ventar med uttaket. I tillegg kan pensjonen bli høgare dersom du held fram i arbeid samtidig som du tek ut pensjon. Du kan tene opp pensjon fram til og med det året du fyller 75 år.

Når kan du søkje om alderspensjon, og korleis søkjer du?

Du kan starte med å ta ut alderspensjon frå månaden etter at du har fylt 62 år, dersom du har høg nok opptening. Du bør søkje om pensjon om lag tre månader før du ønskjer at utbetalinga skal starte. Det er ikkje mogleg å søkje om fleksibel alderspensjon tilbake i tid, og du har tidlegast rett til alderspensjon frå månaden etter at NAV får søknaden din.

Det er enklast å søkje om pensjon elektronisk i tenesta Din pensjon. Då får du svar i løpet av få minutt.­ Dersom vi ikkje får behandla søknaden din automatisk, får du beskjed om det. Du kan også søkje om pensjon på papirblankett. Behandlinga av søknader på papir kan ta litt lengre tid.

Korleis blir alderspensjonen din regulert?

Medan du tener opp alderspensjon, blir pensjonsrettane dine kvart år regulert etter lønnsveksten i samfunnet. Når du tek ut alderspensjon, blir pensjonen kvart år regulert etter lønnsveksten, og pensjonen blir deretter redusert med 0,75 prosent.

Kor lenge kan du få alderspensjon?

Alderspensjonen din frå folketrygda er ei livsvarig yting. I samband med dødsfall blir alderspensjon betalt ut til og med den månaden dødsfallet skjer.

Skal du til utlandet?

Dersom du skal opphalde deg i utlandet og får alderspensjon frå NAV, må du undersøkje om du kan ta med deg ytinga.

Har du budd eller arbeidd i utlandet, kan du ha rett til pensjon frå eit anna land. Du kan lese meir om utlandsopphald under Internasjonalt.

Meld frå om endringar

Dersom du tek imot pensjon og får endringar i familiesituasjon, planlegg opphald i utlandet, eller ektefellen, partnaren eller sambuaren din får endringar i inntekta, kan det få noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsddatoar, feriepengar og skattetrekk.Du kan sjekke utbetalingsdatoar i tenesta Dine utbetalingar.

Du kan også sjekke utbetalinga i Din pensjon.