Alderspensjon for deg som er fødd mellom 1954 og 1962

Her finn du som nærmar deg pensjonsalderen, informasjon om kva det er viktig å tenkje på, og korleis du søkjer.

Alderspensjon frå folketrygda er ei ordning som sikrar deg inntekt når du blir pensjonist. Alderspensjonen er fleksibel, og du kan tidlegast ta ut alderspensjon frå månaden etter at du har fylt 62 år. Du kan fritt kombinere arbeid og pensjon utan at pensjonen din blir redusert.

Kven kan få alderspensjon?

For å ha rett til alderspensjon må du som hovudregel ha hatt pensjonsgivande inntekt og/eller ha minst tre års trygdetid. Det vil seie at du må ha budd og/eller arbeidd i Noreg.

Når kan du ta ut alderspensjon?

Det er opp til deg å vurdere når og korleis du ønskjer å ta ut alderspensjonen, og kor mykje du vil arbeide ved sida av. Du kan ta ut alderspensjon frå månaden etter at du har fylt 62 år. For å kunne ta ut alderspensjon før du har fylt 67 år, må du ha tilstrekkeleg høg opptening.

I Din pensjon kan du sjekke når du tidlegast kan ta ut pensjon, og sende inn elektronisk søknad.

Kombiner arbeid og alderspensjon

Du kan fritt kombinere alderspensjon med arbeid utan at pensjonen blir redusert.

Korleis tener du opp alderspensjon?

Frå 2010 kom det nytt regelverk for opptening av alderspensjon i folketrygda.

Du som er fødd i perioden frå 1954 til og med 1962, tener opp alderspensjon både etter gammalt og nytt regelverk.

I Din pensjon kan du berekne pensjonen din og sjå korleis han blir fordelt på gammalt og nytt regelverk. Døme på berekning av pensjon

Pensjonen blir justert etter levealder

Den opptente pensjonen din skal fordelast på den forventa levetida for årskullet ditt. Dette blir kalla levealdersjustering. Så lenge levealderen aukar, må kvart årskull arbeide lenger enn det førre årskullet for å oppnå same pensjonen.

Levealdersjustering for deg som er fødd i perioden frå 1954 til 1962, blir gjennomført ved hjelp av forholdstal og delingstal. Den delen av pensjonen som er berekna etter gammalt regelverk, blir levealdersjustert med forholdstal, og den delen som er berekna etter nytt regelverk, blir levealdersjustert med delingstal. Forholdstalet og delingstallet blir fastsett ut frå forventa levealder for årskullet ditt.

Kva kan du få i alderspensjon?

I Din pensjon kan du berekne alderspensjonen din, sjå når du tidlegast kan ta ut pensjonen, og sjå pensjonsoppteninga di. Der kan du også sjå korleis det blir om du berre tek ut delar av pensjonen, eller korleis utbetalinga blir om du endrar uttakstidspunktet.

Kor stor del av alderspensjonen du vel å ta ut, og når du tek han ut, påverkar kor mykje du får utbetalt. Du kan velje ulike uttaksgradar: 20, 40, 50, 60, 80 eller 100 prosent.

Den månadlege pensjonen blir høgare di lenger du ventar med uttaket. I tillegg kan pensjonen bli høgare dersom du held fram i arbeid samtidig som du tek ut pensjon. Du kan tene opp pensjon fram til og med det året du fyller 75 år.

Når kan du søkje om alderspensjon, og korleis søkjer du?

Du kan starte med å ta ut alderspensjon frå månaden etter at du har fylt 62 år, dersom du har høg nok opptening. Du bør søkje om pensjon om lag tre månader før du ønskjer at utbetalinga skal starte. Det er ikkje mogleg å søkje om fleksibel alderspensjon tilbake i tid, og du har tidlegast rett til alderspensjon frå månaden etter at NAV har fått søknaden din.

Det er enklast å søkje om pensjon elektronisk i tenesta Din pensjon. Då får du svar i løpet av få minutt.­ Dersom vi ikkje får behandla søknaden din automatisk, får du beskjed om det. Du kan også søkje om pensjon på papirblankett. Behandlinga av søknader på papir kan ta litt lengre tid.

Korleis blir alderspensjonen din regulert?

Medan du tener opp alderspensjon, blir pensjonsrettane dine regulerte kvart år etter lønnsveksten i samfunnet. Når du tek ut alderspensjon, blir pensjonen kvart år regulert etter lønnsveksten, og pensjonen blir deretter redusert med 0,75 prosent.

Kor lenge kan du få alderspensjon?

Alderspensjonen din frå folketrygda er ei livsvarig yting. I samband med dødsfall blir alderspensjon betalt ut til og med den månaden dødsfallet skjer.

Aktuelle tilleggsytingar

Dersom ektefellen, partnaren eller sambuaren din døyr, kan du ha rett på å få rettar etter avdøde berekna med i alderspensjonen din. Forsørgjer du barn under 18 år eller ektefelle, kan du ha rett på forsørgingstillegg. Tillegget omfattar barnetillegg og/eller ektefelletillegg.

Skal du til utlandet?

Dersom du skal opphalde deg i utlandet og får alderspensjon frå NAV, må du undersøkje om du kan ta med deg ytinga.

Har du budd eller arbeidd i utlandet, kan du ha rett til pensjon frå eit anna land. Du kan lese meir om utlandsopphald under Internasjonalt.

Meld frå om endringar

Dersom du får pensjon og får endringar i familiesituasjonen, planlegg opphald i utlandet eller ektefellen, partnaren eller sambuaren din får endringar i inntekta, kan det få noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV.

Utbetalingar

Sjå utbetalingsdatoar, feriepengar og skattetrekk. Du kan sjekke utbetalingsdatoane i tenesta Dine utbetalingar.

Du kan også sjekke utbetalingane i Din pensjon.