L13.06.1997 nr. 39 i kraft 01.01.1998. Kapittel 5 overskriften. Før endring:
Kapittel 5. Foreldreansvaret.
L27.06.2008 nr. 53 i kraft 01.01.2009. § 39 tredje punktum er endret. § 39 før endring:
§ 39. Registrering av foreldreansvaret.
Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregistermyndigheita. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregistermyndigheita er ikkje gyldig. (75) Dersom farskap er fastsett og foreldra er folkeregistrerte på same adresse eller erklærer i melding til folkeregistermyndigheita at dei bur saman, skal folkeregistermyndigheita registrera at foreldra har foreldreansvaret saman. (2005/3-4)(76)
L29.06.2007 nr. 53 i kraft 01.01.2008. § 39 er endret. § 39 før endring:
§ 39. Registrering av foreldreansvaret.
Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregisteret. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregisteret er ikkje gyldig. (75) Dersom farskap er fastsett og foreldra er folkeregistrerte på same adresse eller erklærer i melding til folkeregisteret at dei bur saman, skal folkeregisteret registrera at foreldra har foreldreansvaret saman. (76)
L17.06.2005 nr. 63 i kraft 01.01.2006. § 39 er endret. § 39 før endring:
§ 39. Registrering av foreldreansvaret.(92)
Avtale eller avgjerd om foreldreansvaret skal meldast til folkeregisteret. Avtale om foreldreansvar som ikkje er meldt til folkeregisteret er ikkje gyldig.
L20.06.2003 nr. 40 i kraft 01.04.2004. Nåværende § 41 a har blitt § 39. § 39 før endring:
§ 39. Endring av avtale eller avgjerd om foreldreansvaret o.l.
Foreldra kan gjere om avtale eller avgjerd om foreldreansvaret eller om kven barnet skal bu saman med. (87)
Vert dei ikkje samde, kan kvar av dei i samsvar med § 34 tredje stykket reise sak for retten eller la ho gå til fylkesmannen. Avgjerd av doms- eller styringsmakt og rettsforlik kan likevel berre endrast når særlege grunnar talar for det. Førebels avgjerd etter § 38 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka. (88)
Dersom det er openbert at det ikkje ligg føre slike særlege grunnar som nemnt i andre stykket, kan retten avgjere saka utan hovudforhandling. (89)
L13.06.1997 nr. 39 i kraft 01.01.1998. § 39 tredje ledd. § 39 før endring:
§ 39. Endring av avtale eller avgjerd om foreldreansvaret o.l.
Foreldra kan gjere om avtale eller avgjerd om foreldreansvaret eller om kven barnet skal bu saman med.
Vert dei ikkje samde, kan kvar av dei i samsvar med § 34 tredje stykket reise sak for retten eller la ho gå til fylkesmannen. Avgjerd av doms- eller styringsmakt og rettsforlik kan likevel berre endrast når særlege grunnar talar for det. Førebels avgjerd etter § 38 kan endrast på same vilkår av den domstolen som har hovudsaka.
Har folkeregisteret fått melding om den tidlegare avtalen (jfr § 35), skal også endringa meldast dit.