Supplerande stønad vert gitt til personar som har fylt 67 år og som er busette i Noreg. Ein person vert rekna som busett dersom han eller ho er registrert i folkeregisteret og har opphaldsløyve som gir grunnlag for busetjing i riket.
Familiemedlemer i oppstigande linje som har fått opphaldsløyve av di dei er forsørgde av personar som oppheld seg her, kan berre få supplerande stønad for tidsrom etter at dei har fått løyve til fast busetjing i Noreg.
Det er eit vilkår for rett til supplerande stønad at stønadstakaren og ein eventuell ektemake over 67 år fullt ut nyttar retten sin til pensjon frå folketrygda eller andre norske eller utanlandske ordningar.
Retten til supplerande stønad fell bort når ein person oppheld seg eller har tenkt å opphalde seg i utlandet i meir enn 90 dagar i samanheng eller i meir enn 90 dagar i alt i ein stønadsperiode.
Dersom opphaldet i utlandet er meint å vare i meir enn 90 dagar i samanheng, fell ytingane bort frå og med månaden etter den månaden då opphaldet i utlandet tok til. I andre tilfelle fell ytingane bort frå og med månaden etter den månaden då vedkomande hadde vore i utlandet i 90 dagar eller summen av utanlandsopphalda i ein stønadsperiode utgjer 90 dagar.
I tilfelle som går inn under andre leddet andre punktumet kan ytingar bli gitt for lengre tid enn nemnd dersom stønadstakaren legg fram dokumentasjon på at han eller ho ikkje kunne vende attende til Noreg på grunn av eigen sjukdom.