Full supplerande stønad skal svare til
Ytingane etter første leddet bokstavane a til c skal aukast med 20 prosent av minste pensjonsnivå med høg sats per barn under 18 år som personen forsørgjer og bur saman med i eitt hushald. Dersom begge ektemakane har fylt 67 år, skal auken gå til den av dei som har lågast inntekt (sjå § 6 første leddet).
Eit barn vert rekna å forsørgje seg sjølv dersom det har inntekt som nemnd i § 6 første leddet, og inntekta er høgare enn grunnbeløpet.
Dersom ein ektemake under 67 år oppheld seg i utlandet i lengre tid enn fastsett i § 4, skal ytinga til stønadstakaren fastsetjast etter første leddet bokstav a. Tilsvarande fell retten til tillegg for forsørgt barn bort når barnet har utanlandsopphald som nemnd. Reglane i § 4 gjeld tilsvarande med omsyn til tidspunktet for omrekning av ytingane etter første og andre punktumet.
Full supplerande stønad skal setjast ned med
Det skal reknast med slik inntekt hos stønadstakaren sjølv så vel som hos ektemaken. Dersom begge ektemakane har fylt 67 år, skal inntekt hos den eine ektemaken berre inngå ved prøvinga av ytingane til den andre ektemaken med den delen som overstig full supplerande stønad etter § 5 første leddet bokstav c.
Supplerande stønad vert gitt dersom full supplerande stønad etter § 5 er høgare enn inntektsgrunnlaget etter § 6. Stønaden skal utgjere differansen mellom desse beløpa.
Dersom ein søkjar eller ektemaken har så stor formue at det ville vere urimeleg å gi supplerande stønad, kan ein gi avslag på søknaden. Som formue vert ikkje rekna vanleg bustad eller vanlege ting til dagleg bruk.
Departementet kan gi forskrift til utfylling av reglane i paragrafen her.
Supplerande stønad vert ikkje gitt dersom ytinga ville utgjere eit mindre beløp enn to prosent av full supplerande stønad etter § 5 første leddet bokstav a utan tillegg for forsørgde barn.
Fastsett stønad skal setjast opp eller ned dersom det skjer endringar i inntektene eller dei andre tilhøva som er lagt til grunn ved fastsetjinga av stønaden, og dette fører med seg ei endring av stønaden med minst 10 prosent.
Ved endring i minste pensjonsnivå skal supplerande stønad regulerast i tråd med endringa. Frådrag i stønaden etter § 6 på grunn av alderspensjon frå folketrygda, samt ytingar som er direkte knytte til grunnbeløpet eller blir regulerte etter tilsvarande reglar som for alderspensjon frå folketrygda, skal regulerast i tråd med endringa i desse ytingane.
Supplerande stønad vert gitt for ein periode på 12 månader. Stønadstakaren kan søkje om forlenging av ytingane med 12 månader om gongen.
Stønad vert gitt frå og med månaden etter den månaden då vilkåra for ytinga var oppfylte, men ved forlenging av stønadsperioden som nemnd i første leddet tidlegast frå og med månaden etter utløpet av den siste stønadsperioden. Dersom retten til ytingar fell bort av andre grunnar enn at stønadsperioden løper ut, vert ytingar gitt til og med den månaden då retten fall bort.
Dersom ei endring som nemnd i § 10 fører til at stønaden vert sett opp, gjeld dette frå og med den månaden då endringa skjedde. Dersom ytinga vert sett ned, får dette verknad frå og med månaden etter den månaden då endringa skjedde.
Supplerande stønad vert ikkje gitt for lengre tid attende enn tre månader før den månaden då søknaden om ytingar vart sett fram. Renter vert ikkje gitt. Rentetap eller ytingar for tidlegare månader enn tre månader før søknadsmånaden kan heller ikkje krevjast erstatta med heimel i skadeserstatningslova eller i alminnelege erstatningsrettslege reglar.
Dersom det er utbetalt økonomisk stønad etter sosialtenestelova kapittel 5 i periodar som det vert etterbetalt supplerande stønad for, skal det gjerast frådrag i etterbetalinga tilsvarande den økonomiske stønaden.
Stønaden vert utbetalt i månadsbeløp før utgangen av den einskilde månaden. Månadsbeløpa vert avrunda til den næraste heile krona.
Supplerande stønad som er utbetalt utan at vilkåra for det var oppfylte, skal krevjast attende dersom den som fekk utbetalinga forsto eller burde ha forstått at utbetalinga grunna seg på ein feil. Vedtak om å krevje tilbake slike beløp er tvangsgrunnlag for utlegg.
Beløp som skal krevjast tilbake etter første leddet, kan avreknast i framtidige terminar av supplerande stønad eller andre ytingar til livsopphald som vert administrerte av Arbeids- og velferdsetaten. Avrekninga kan ikkje utgjere meir enn 10 prosent av dei aktuelle terminbeløpa.
Beløp som ikkje vert innkravde etter andre leddet, kan innkrevjast etter reglane i bidragsinnkrevjingslova.
Når supplerande stønad er utbetalt i utlandet i strid med reglane i § 4, jf. § 5 fjerde leddet, skal for mykje utbetalt stønad avreknast månad for månad i ein ny stønadsperiode utan omsyn til om vilkåra for tilbakekrevjing etter første leddet er oppfylte.
Utgiftene som Arbeids- og velferdsetaten har til supplerande stønad og til administrasjon av ordninga vert dekte av statskassa. Pengane som trengst til dekning av utgiftene skal overførast til Arbeids- og velferdsdirektoratet på forskot, og seinast på det tidspunktet utbetaling skal skje. Arbeids- og velferdsetaten skal føre særskilt rekneskap over pengane som vert overførte til dekning av supplerande stønad.