Økonomisk stønad (sosialhjelp) er ein del av det økonomiske sikkerheitsnettet i samfunnet og skal sikre at alle har nok midlar til livsopphald. Hjelpa er meint å vere mellombels og skal bidra til å gjere deg økonomisk sjølvhjelpt.
Dersom du oppfyller vilkåra i lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen og ikkje har høve til å forsørgje deg sjølv, har du krav på økonomisk sosialhjelp.
Før du kan få økonomisk stønad, må du ha vurdert alle andre måtar å forsørgje deg sjølv på, som lønnsinntekter, trygderettar, sysselsetjingstiltak, studielån, bruk av formue eller reduksjon av utgifter.
Kor mykje sosialhjelp og kva anna hjelp og oppfølging du kan få, skal vurderast individuelt og etter skjønn ut frå kva behov du har. Økonomisk stønad blir til dømes ofte gitt i kombinasjon med råd og rettleiing.
NAV-kontoret i opphaldskommunen din tek imot søknaden og vurderer behovet for hjelp. NAV-kontoret har vanlegvis ein samtale med deg før søknaden blir behandla, mellom anna for at de kan sjå på hjelpebehovet saman. Det kan vere nødvendig med ei samla vurdering av den økonomiske, sosiale og helsemessige situasjonen. Alle søknader skal vurderast individuelt.
NAV-kontoret har utarbeidd lokale søknadsskjema som må fyllast ut og dokumenterast. Meir informasjon får du på det lokale NAV-kontoret eller på heimesidene til kommunen.
Dei fleste NAV-kontora krev dokumentasjon av inntekter og utgifter, og du får raskare svar dersom du sjølv finn fram den informasjonen som er nødvendig for å behandle søknaden.
Søknaden skal sendast til NAV-kontoret i kommunen du bur i.
Ved særleg behov kan du søkje munnleg mens saksbehandlaren noterer. Du har rett til å bli representert av ein fullmektig som tek hand om interessene dine.
Alle som søkjer om sosial stønad til livsopphald, har krav på svar i form av eit skriftleg vedtak. Saksbehandlingstida kan variere, men må alltid følgje føresegnene i forvaltingslova. Dersom saksbehandlingstida er meir enn éin månad, skal du få eit foreløpig svar.
Mange kommunar har eigne fristar for saksbehandlingstida på søknader om økonomisk yting. Dersom hjelpebehovet er akutt, skal du få raskt svar.
Utbetalinga av stønaden varierer frå kommune til kommune. Ettersom støtta tek sikte på å gjere søkjaren økonomisk uavhengig, blir utbetalingsmønsteret gjerne fastlagt ut frå det.
Satsane for økonomisk sosialhjelp er skjønnsbaserte, og det er kommunen du oppheld deg i, som fastset dei. Alle søknader blir avgjorde etter ei individuell vurdering med utgangspunkt i den økonomiske, helsemessige og sosiale situasjonen din.
Hjelpa skal bidra til at du klarer deg sjølv, og ho skal vere kortvarig. NAV-kontoret har både rett og plikt til å utøve skjønn, det vil seie at NAV-kontoret vurderer kva utgifter som er nødvendige for å sikre deg eit forsvarleg livsopphald.