Du kan ha rett til ytingar dersom du er ugift, under 67 år og har hatt tilsyn med og pleie av andre som har stått deg nær
Både du og den som vart pleia må ha vore medlem av folketrygda.
Tilsynet og pleia må være avslutta og ha:
Stønaden er behovsprøvd om formue og inntekt.
Dei aktuelle ytingane er:
For å søkje kontaktar du ditt lokale NAV-kontor eller nyttar søknadsskjemaet.
Skjemaet innheld ei orientering og rettleiing. Det er viktig at du les dette før du fyller ut. Ønskjer du hjelp til utfyllinga, kan du kontakte NAV-kontoret ditt.
Du kan få raskare svar om du sjølv innhentar den dokumentasjonen som er nødvendig, for eksempel inntekts- og formuesopplysningar.
Søknadsskjemaet sender du i utfylt stand til NAV Pensjon, Postboks 6600 Etterstad, 0607 Oslo.
Kva kan du få?
Pensjonen består av grunnpensjon og et særtillegg.
Storleiken på pensjonen/overgangsstønaden er avhengig av den tida du har vore medlem i folketrygda. Pensjonen blir redusert dersom du har eller kan ventast å ha ei eiga arbeidsinntekt.
Når blir pengane utbetalt?
Pensjonen blir utbetalt den 20. i kvar måned. Dersom denne datoen fell på ein heilagdag, vil pengane kome tidlegare.
Når du skal til utlandet
Først må du sjekke om du framleis vil vere medlem av folketrygda.
Lenkjer til informasjon omytingar til tidlegarefamilieplear ved opphald i utlandet.
Sjå "relatert informasjon"
Ytingar til familiepleier kan berre gis til personar som er medlem i folketrygda og har pleia ein nærståande person som var medlem av folketrygda.
Teksten er utarbeidd for å gje ei kort og enkel framstilling av ytinga/tenesta. Dersom du har behov for meir fullstendig informasjon bør du setje deg inn i regelverket du finn under ”Regelverk”.
Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller skal opphalde deg i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.
|
Jan
|
Feb
|
Mar
|
Apr
|
Mai
|
Jun
|
Jul
|
Aug
|
Sept
|
Okt
|
Nov
|
Des
|
Jan. 13
|
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 20. | 20. | 20. | 20. | 15. | 20. | 20. | 20. | 20. | 19. | 20. | 12. | 18. |