Attlevandepensjon skal medverke til å sikre inntekt til livsopphald etter dødsfall for attlevande ektefelle, registrert partnar eller sambuar.
Du kan ha rett til attlevandepensjon dersom du:
I visse tilfelle kan det ytast attlevandepensjon dersom de var skilde.
Avdøde må dei siste tre åra fram til dødsfallet ha vore medlem i folketrygda. Attlevande må vere medlem i folketrygda.
Attlevande som ikkje oppfyller vilkåra for å få pensjon, kan ha rett til overgangsstønad.
Pensjonen fell bort dersom du giftar deg igjen, eller får barn med ein ny sambuar.
Attlevandepensjon fell også bort dersom du tek ut avtalefesta pensjon (AFP).
Pensjonen blir rekna om til uførepensjon dersom du får rett til uførepensjon og til alderspensjon ved fylte 67 år.
Korleis søkjer du?
Viss du ønskjer søknadsskjema for å søke om attlevandepensjon kan du ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor eller nytte "Søknad om ytelser til gjenlevende ektefelle/partner/samboer og gjenlevende barn" som du finn under Skjema i høgremenyen.
Attlevande ektefelle som jobbar, er reell arbeidssøkjer, går på skule eller studerer kan oppfylle vilkår for stønad til barnetilsyn, utdanningsstønad eller flytteutgifter. Viss du ønskjer å søkje kan du nytte blanketten ”Søknad om stønad til barnetilsyn, utdanningsstønad og flytteutgifter til einslig attlevande ektefelle/partner/sambuer” som du finner under Skjema i høgremenyen.
Skjemaet inneheld ei orientering og rettleiing. Det er viktig at du les dette før du fyller ut. Ønskjer du hjelp til utfyllinga, kan du kontakte NAV-kontoret ditt.
På skjema finner du også informasjon om kva for vedlegg / dokumentasjon du må legge ved søknaden.
Skjema skal sendes i utfylt stand til NAV Pensjon, Postboks 6600 Etterstad, 0607 Oslo.
Pensjon og overgangsstønad består av grunnpensjon, tilleggspensjon og/eller særtillegg
Full grunnpensjon får du dersom avdøde har budd i Noreg i 40 år. Full grunnpensjon tilsvarer vanlegvis grunnbeløpet (G).
Tilleggspensjonen vert berekna ut frå ektefellen si tidlegare arbeidsinntekt og kor mange år ektefelle hadde arbeidsinntekt. Tilleggspensjonen utgjer 55 prosent av den tilleggspensjonen avdøde ville fått dersom han/ho hadde fått rett til uførepensjon eller alderspensjon på dødsfallstidspunktet.
Les meir om regelverket for berekning av pensjon under relatert informasjon.
Pensjonen blir redusert dersom du har eller ein kan vente at du har eiga arbeidsinntekt. Er arbeidsinntekta høgare enn halvparten av grunnbeløpet, skal 40 prosent av det overskytande gå til frådrag i pensjonen.
Er du under 55 år, reknar ein i utgangspunktet med at du har ei arbeidsinntekt på minst to gonger grunnbeløpet. Det første året etter dødsfallet blir rekna som ein overgangsperiode. Det blir da ikkje stilt krav om at du har eiga inntekt. Pensjonen blir likevel avkorta for faktisk inntekt.
Det er viktig at du varslar ditt lokale NAV-kontor om inntektsendringar.
Dersom den avdøde har hatt opptening i eit land Noreg har trygdeavtale med, kan du ha rett til pensjon også frå dette landet.
Les om andre ordningar som kan vere aktuelle under relatert informasjon
Mange arbeidstakarar har ei tenestepensjonsordning. Ein del av desse ordningane har også attlevandepensjon. For nærmare informasjon bør du vende deg til den siste arbeidsgivaren den avdøde hadde, dersom avdøde var i arbeid fram til dødsfallet.
Nedanfor finn du lenkje til nokre offentlege ordningar som kan vere aktuelle:
Først må du undersøkje om du framleis vil vere medlem i folketrygda.
Les meir om om ytinga/stønaden ved opphald i utlandet under relatert informasjon.
Først må du sjekke om du blir medlem av folketrygda.
Pensjon til attlevande kan berre ytast dersom avdøde var medlem i folketrygda og du sjølv i tillegg oppfyller krava til å ta imot stønaden.
Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller skal opphalde deg i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.
|
Jan
|
Feb
|
Mar
|
Apr
|
Mai
|
Jun
|
Jul
|
Aug
|
Sept
|
Okt
|
Nov
|
Des
|
Jan. 13
|
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 20. | 20. | 20. | 20. | 15. | 20. | 20. | 20. | 20. | 19. | 20. | 12. | 18. |