Gravferdsstønad kan ein gi når den avdøde var medlem av folketrygda.
(Satsen gjeld per 01.01.2012)
Gravferdsstønaden blir behovsprøvd. Det kan givast opptil 20 652 kroner til å dekkje faktiske og nødvendige utgifter til gravferda.
Når avdøde var over 18 år, blir gravferdsstønaden avkorta mot:
• formue
• tenestepensjon utbetalt for månaden etter dødsfallet
• forsikringssum og liknande som blir utbetalt som følgje av dødsfallet.
Når avdøde var under 18 år, blir det gitt ein uavkorta gravferdsstønad med opptil 20 652 kroner til å dekkje utgifter til gravferda.
Når eit medlem i folketrygda dør i Noreg og båra med avdøde må transporterast lengre enn 20 km, kan ein få dekka nødvendige utgifter til transport til næraste naturlege gravplass i høve til staden der avdøde budde. Det er ein eigendel på 2 065 kroner for båretransport.
Det gjeld særlege regler når dødsfallet skjer utanfor Noreg. Det er også særlege reglar når dødsfallet kjem av yrkesskade.
Søknadsblanketten inneheld ei orientering og rettleiing. Det er viktig at du les dette før du fyller han ut. Blanketten leverer du i utfylt stand til NAV-kontoret ditt. Ønskjer du hjelp, kan du kontakte NAV-kontoret.