Barnepensjon vert gitt til barn som har mista ein eller begge foreldra. Pensjonen skal sikre barnet inntekt til livsopphald.
Barn kan ha rett til barnepensjon dersom det:
• er under 18 år og har mista ein eller begge foreldra
• er under 20 år, foreldrelaus og under utdanning
• er under 21 år, har mista ein eller begge foreldra, er under utdanning og forsørgjaren døde av yrkesskade
Den avdøde forelderen må ha vore medlem i folketrygda i dei siste tre åra fram til dødsfallet. Barnet må vere medlem i folketrygda.
Barnepensjon blir gitt uavhengig av om foreldra var gift, skilt eller sambuarar.
Dersom barnet er under 18 år er det verjen som må setje fram krav om barnepensjon. Søknadsskjema for barnepensjon kan du skrive ut her eller få hos ditt lokale NAV-kontor. Skjemaet inneheld ei orientering og rettleiing som det er viktig at verjen til barnet les. Ditt lokale NAV-kontor kan hjelpe til med meir informasjon og hjelp.
Søknadsskjemaet sender du i utfylt stand til NAV Pensjon, Postboks 6600 Etterstad, 0607 Oslo. Dei fleste søknadene blir avgjort innan ein månad.
Når ein av foreldra er død:
Det eldste barnet får 40 prosent av grunnbeløpet (G) og dei andre barna 25 prosent kvar. Den samla pensjonen blir delt likt
mellom barna.
Når begge foreldra er døde:
Det eldste barnet får like stor pensjon som det den av foreldra med størst attlevandepensjon ville fått. Det neste barnet
får 40 prosent av grunnbeløpet og dei andre barna 25 prosent kvar. Den samla pensjonen blir delt likt mellom barna.
Pensjonen blir redusert dersom avdøde si trygdetid var kortare enn 40 år.
Dersom den avdøde har opptening i eit land Noreg har trygdeavtale med, kan barna ha rett til pensjon frå dette landet også.
Pensjonen blir utbetalt til og med den månaden då barnet fyller 18, 20 år og 21 år, dersom vilkåra for ytinga er oppfylt.
Mange arbeidstakarar har ei tenestepensjonsordning. Ein del av desse ordningane yter pensjon til etterlatne barn. For å få nærare informasjon bør du vende deg til den siste arbeidsgivaren den avdøde hadde, dersom avdøde var i arbeid fram til dødsfallet.
Nedanfor finn du lenkjer til nokre offentlege ordningar som kan vere aktuelle:
Statens Pensjonskasse
KLP forsikring
Først må du sjekke om du framleis vil vere medlem av folketrygda.
Les meir under relatert informasjon
Barnepensjon kan berre ytast dersom avdøde var medlem av folketrygda dei siste tre åra før dødsfallet og du sjølv i tillegg fyller krava til å ta imot stønaden.
Dersom du får endringar i inntekt, familiesituasjon og/eller jobbsituasjon, eller skal opphalde deg i utlandet, kan det ha noko å seie for beløpet du får utbetalt frå NAV. I slike tilfelle må du derfor straks melde frå til NAV-kontoret der du bur.
|
Jan
|
Feb
|
Mar
|
Apr
|
Mai
|
Jun
|
Jul
|
Aug
|
Sept
|
Okt
|
Nov
|
Des
|
Jan. 13
|
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 20. | 20. | 20. | 20. | 15. | 20. | 20. | 20. | 20. | 19. | 20. | 12. | 18. |