Har du omsorg for barn under seks år, eller for sjuke, funksjonshemma og eldre personar, kan du få godskrive omsorgsopptening. Omsorgsopptening er inga yting frå folketrygda, men kan bidra til at du får høgare pensjon når du blir pensjonist.
Dersom du mottek barnetrygd, får du automatisk godskrive omsorgsopptening til og med det året det yngste barnet fyller fem år. Det er berre ein av foreldra som kan få omsorgsopptening. Kvart år kan de avgjere om de vil overføre oppteninga til den andre av foreldra som ikkje mottek barnetrygd. Du kan overføre omsorgsopptening i nettenesta Din Pensjon.
For at du skal få godskrive omsorgsopptening må omsorgsarbeidet vare i minst 22 timer per veke i minst seks månader per kalenderår. Reisetid på opptil ein halv time per besøk kan reknast med.
Dersom eit langvarig omsorgsforhold tek slutt fordi omsorgsmottakaren døyr eller blir innlagd i institusjon kan du få godskrive omsorgsopptening også for dette året, sjølv om omsorgsforholdet blir avslutta før det har gått eit halvt år. Føresetnaden er at du har fått godskrive omsorgsopptening for dei tre føregåande åra.
Dersom du har omsorg for eit sjukt eller funksjonshemma barn kan du få godskrive omsorgsopptening også når barnet er over seks år. Dersom barnet mottek høgare hjelpestønad sats 3 eller 4 skal det alltid godskrivast omsorgsopptening. Dette gjer NAV automatisk.
Omsorgsopptening for barn under seks år blir automatisk godskrive etterskotsvis ved årsskiftet året etter. Sjå nettenesta Din Pensjon for opplysningar om pensjonsoppteninga di. Dersom du meiner du har rett til omsorgsopptening, men ikkje har fått dette godskrive automatisk kan du sende inn søknadsskjemaet. Søknaden sender du i utfylt stand til NAV Pensjon, Postboks 6600 Etterstad, 0607 Oslo.
Dersom du ynskjer å søkje om å få godskrive opptening for omsorgsarbeid for ein sjuk, funksjonshemma eller eldre person kan du vende deg til det lokale NAV-kontoret eller sende inn søknadsskjemaet. Søknaden sender du i utfylt stand til NAV Pensjon, Postboks 6600 Etterstad, 0607 Oslo.
Når NAV har motteke søknaden din blir han oversendt til kommunen for attestasjon av omsorgsforholdet.
Du kan søkje om godskriving av omsorgsopptening etter at omsorgsforholdet har vart i eit halvt kalenderår. Omsorgsopptening blir alltid godskrive i etterkant av året du har søkt omsorgsopptening for. Du kan i prinsippet berre få godskrive omsorgsopptening for eit kalenderår, når søknad om omsorgsopptening blir sett fram seinast i løpet av dei to påfølgande kalenderåra.
Omsorgsopptening er inga yting eller løn som du får utbetalt frå folketrygda, men ei ordning som kan bidra til at du får høgare pensjon når du blir pensjonist.
For deg som kjem under gamle oppteningsreglar for alderspensjon, gjev omsorgsoppteninga omsorgspoeng på 3,50 for kvart år. For deg som kjem under nye oppteningsreglar for alderspensjon vil omsorgsoppteninga svare til ei pensjonsopptening på 18,1 prosent av 4,5 G. For deg som kjem under ny AFP i privat sektor vil omsorgsoppteninga svare til ei pensjonsopptening på 0,314 prosent av 4,5 G. Omsorgsoppteninga svarar i alle tilfelle til den pensjonsoppteninga du ville fått av ei inntekt på 4,5G.
Du kan ikkje leggje saman anna pensjonsopptening med omsorgsopptening slik at det årlege pensjonspoenget blir høgare enn 3,50. Tilsvarande gjeld for dei som kjem under nye oppteningsreglar for alderspensjon og ny AFP i privat sektor, men då slik at pensjonsoppteninga i sum ikkje kan bli høgare enn oppteninga av ei inntekt på 4,5 G.
Du kan få godskrive omsorgsopptening frå og med det kalenderåret du fyller 17 år til og med det året du fyller 69 år.
Ordninga med omsorgsopptening blei innført i 1992. Frå 1992 til og med 2009 er omsorgspoenget 3,00 for kvart år. For deg som kjem under nye oppteningsreglar for alderspensjon og ny AFP i privat sektor vil omsorgsoppteninga frå 1992 til og med 2009 svare til ei pensjonsopptening på høvesvis 18,1 og 0,314 prosent av 4,0 G.
I samband med Pensjonsreforma er det innført godskriving av omsorgsopptening for barn under sju år med tilbakeverknad for perioden 1967-1991. Dette gjeld for deg som kjem under ny oppteningsmodell for alderspensjon (det vil seie for deg som er fødd i 1954 eller seinare) eller som er omfatta av ny AFP i privat sektor og er fødd i 1948 eller seinare. Godskriving av omsorgspoeng for år før 1992 for AFP i privat sektor blir gjort samtidig med søknad om AFP. Godskriving av omsorgspoeng for alderspensjon for år før 1992 blir gjort automatisk av NAV i 2011. Omsorgsoppteninga for år før 1992 vil svare til den pensjonsoppteninga du ville fått av ei inntekt på 4 G for kvart år.
Dersom du har omsorg for funksjonshemma eller sjukt barn kan følgjande ytingar vere aktuelle:
For å få godskrive omsorgsopptening skal omsorgsarbeidet i utgangspunktet være uløna. I ein del tilfelle yter likevel kommunen omsorgsløn til personar som utfører pleie og omsorgsarbeid for familie og nærståande. I slike tilfelle vil det vere aktuelt å også godskrive omsorgsopptening.