Krigspensjon er ein kompensasjon for nedsett arbeidsevne på grunn av skader som følgje av krigen 1939-45.
Krigsinvalidepensjon kan ytast til personar som har fått mein eller nedsett arbeidsevne som følgje av skade eller påkjenningar under sjøteneste, militær teneste, motstandsarbeid eller politisk fangenskap under krigen 1939-1945. Også andre som er påført skade som følgje av krigsulykke eller hendingar som skuldast krigen, kan ha rett til krigspensjon.
Krigsinvalidepensjonistar kan ha rett til gratis medisinsk behandling for skade eller sjukdom godkjent som krigsskade. Nødvendig tannbehandling kan verte dekka etter takstane i den offentlige tannhelsetenesta. Krigspensjonistar har dessutan rett til tre vekers fritt kuropphald på Bæreiasenteret eller i godkjend opptreningsinstitusjon per år.
Etterlatne etter krigspensjonistar kan ha rett til pensjon utrekna på grunnlag av avdøde sin krigspensjon. På visse vilkår kan det også ytast attlevandepensjon sjølv om avdøde ikkje mottok krigspensjon.
Du kan søkje skriftlig eller munnleg til ditt lokale NAV-kontor. NAV-kontoret ditt har plikt til å hjelpe deg med å fylle ut søknadsskjemaet.
Dersom du er 100 prosent ufør og pensjonen din blir utrekna etter høgaste pensjonsgrunnlag, er pensjonen brutto 335 328 kroner per år, og etter lågaste pensjonsgrunnlag brutto 186 720 kroner per år. Er du delvis ufør, blir pensjonen redusert tilsvarande. Satsane gjeld frå 1. mai 2010.
Pensjonsgrunnlaget er ulikt for ulike grupper. Du kan lese meir om dette under relatert informasjon.
Full enkepensjon er to tredelar av den avdøde sin pensjon.
Barnepensjon blir rekna ut på grunnlag av grunnbeløpet i folketrygda.
Frå 2011 blir krigspensjon regulert i takt med gjennomsnittleg lønnsvekst i samfunnet og deretter fråtrekt 0,75 prosent. Den årlege reguleringa skjer med verknad frå 1. mai kvart år.
Dersom du har rettar i andre trygdeordningar, vert pensjonen samordna. Hovudregelen er at du får ein sum som minst tilsvarer den høgaste av pensjonane.
Krigspensjon utbetalast til og med månaden etter dødsfallet.
Først må du undersøke om du held fram å vere medlem i folketrygda. Det påverkar blant anna retten til helsetenester.
Krigspensjon er ikkje ei folketrygdyting. Det skjer ingen endringar i pensjonen dersom du flytter ut av landet.
|
Jan
|
Feb
|
Mar
|
Apr
|
Mai
|
Jun
|
Jul
|
Aug
|
Sept
|
Okt
|
Nov
|
Des
|
Jan. 13
|
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 20. | 20. | 20. | 20. | 15. | 20. | 20. | 20. | 20. | 19. | 20. | 12. | 18. |