Publisert 19.09.07
Statistikken omfattar personar som er 67 år eller meir og mottek alderspensjon. Årstal fins frå og med 1967.
Statistikken omfattar:
Årstal fins fom. 1967.
Ordninga med avtalefesta pensjon vart opphavleg innført 1.1.1989 som ein del av tariffavtalen mellom LO og NHO, og gjaldt då berre 65- og 66-åringar innan LO-/NHO-området. Seinare er ordninga utvida fleire gonger, og omfattar no alle 62–66-åringar som er tilsette i privat eller offentleg sektor, dersom verksemda er tilslutta ordninga gjennom tariffavtale.
Statistikken omfattar alle som får AFP-pensjon både i privat og offentleg sektor.
Sjå statistikk under jobb og helse/ uførepensjon.
Krigspensjon gjev kompensasjon når ein er arbeidsufør på grunn av skader som følgje av krigen 1939-1945.
Krigsinvalidepensjon kan gjevast til personar som har fått mèn eller nedsett arbeidsevne som følgje av skade eller påkjenningar under sjøteneste, militærteneste, motstandsarbeid eller politisk fangenskap under krigen 1939-1945. Også andre som er påført skade som følgje av krigsulykke eller hendingar som skuldast krigen, kan ha rett til krigspensjon.
Etterletne etter krigspensjonistar kan ha rett til pensjon på grunnlag av den døde sin rett til krigspensjon. På visse vilkår kan det også gjevast pensjon for attlevande sjølv om avdøde ikkje mottok krigspensjon.
Supplerande stønad for personar med kort butid i Noreg vart innført frå 1. januar 2006.
Formålet med stønaden er å sikre at alderspensjonistar med liten eller ingen pensjonsopptening får ei samla inntekt på linje med minstepensjon.
For å få supplerande stønad må ein ha opphaldsløyve og være busett i Noreg. Stønaden er behovsprøvd
mot alle typar inntekt stønadsmottakaren og eventuell ektefelle/partner/sambuar har frå Noreg og utlandet.
Formuen vert også regna med i behovsprøvinga.