Publisert 08.07.08
Ein ny rapport frå Arbeids- og velferdsdirektoratet undersøker kva som kjenneteiknar dei som går av med AFP.
Resultata syner at det er ein del skilnader mellom menn og kvinner på kva som påverkar sannsynet for å tidlegpensjonere seg. Det ser ut til at tilknytninga til arbeidslivet er sterkare for menn enn for kvinner, medan tilknytinga til familien er sterkare for kvinner.
Høg inntekt minkar sannsynet for å gå av med AFP for menn, medan det ikkje har nokon klar effekt for kvinner. Skilte kvinner har mindre sannsyn for å gå av med AFP relativt til gifte kvinner.
Begge kjønn har større sannsyn for å gå av med AFP dersom dei har ei lang yrkeskarriere bak seg, men effekten er klart større for menn. Resultata må sjåast i samanheng med at generasjonen kvinner som er i AFP-alder i stor grad har komme inn på arbeidsmarknaden etter at borna var store.
Ein ny database med opplysningar som kan setje lys på pensjoneringsåtferda framover er også skissert i rapporten.