Publisert 13.09.07
Frå 1. januar 2004 er det to stønadsordningar på uføreområdet: Tidsavgrensa uførestønad og uførepensjon. Begge ytingane skal sikre inntekter til livsopphald for personar i alderen 18–66 år som har fått inntektsevna varig nedsett på grunn av sjukdom eller funksjonshemming.
Tidsavgrensa uførestønad skal gjevast når det på søknadstidspunktet ikkje kan forventast at vidare behandling, rehabilitering eller attføring vil betre inntektsevna, men der framtidig inntektsevne likevel ikkje kan utelukkast. Uførepensjon vert gjeve dersom det heilt klart ikkje er utsikt til betring av inntektsevna/arbeidsevna.
Uføreyting er eit samleomgrep for tidsavgrensa uførestønad og varig uførepensjon. Det er primært denne statistikken ein bør sjå på dersom ein vil ha samanliknbare tal frå tida før og etter at ordninga med tidsavgrensa uførestønad vart innført.
Statistikk for uførepensjon fins tilbake til 1967. Innføringa av tidsavgrensa uførestønad 1. januar 2004 reduserer kor samanliknbar den er før og etter dette tidspunktet. Ein bør derfor være forsiktig med å samanlikne statistikk over uførepensjon før og etter 2004.
Uførepensjonen består av grunnpensjon, tilleggspensjon og/eller særtillegg. Storleiken på uførepensjonen er avhengig av grunnbeløpet i folketrygda, som vert regulert årleg. Uførepensjonen kan kombinerast med arbeidsinntekt ved at det vert gjeve gradert uførepensjon.
Statistikk over tidsavgrensa uførestønad fins frå 1. januar 2004, då ordninga vart innført. Stønaden vert utrekna som ei dagyting (5 dagar per uke i 260 dagar per år), på same måte som rehabiliteringspengar. Stønaden kan godkjennast for ein periode frå eitt til fire år, og kan forlengast i fleire periodar. Formålet med innføringa av tidsavgrensa uførestønad er å redusere talet på nye uførepensjonistar gjennom å førebyggje utstøyting frå arbeidslivet og hindre varig uførepensjon. Innføring av tidsavgrensa uførestønad markerer at mange har ei liding der det er moglegheit for betring etter noko tid.
Diagnoseopplysningane for uføreytingar fylgjer ICD-10, den internasjonale sjukdomsklassifikasjonen utgjeve av Verdens helseorganisasjon.