Publisert 28.08.12.
Ved utgangen av juni var det 310 400 uførepensjonistar. Det er nesten 7 700 fleire enn på same tid i fjor og svarar til ein auke på 2,5 prosent.
Frå juni i fjor til juni i år auka delen uføre i prosent av befolkninga frå 9,5 til 9,6 prosent.
– Auken i delen uføre må sjåast i samanheng med at fleire av dei som tidlegare hadde tidsavgrensa uførestønad, no har fått innvilga varig uførepensjon. Blant dei som blei uføre i 2. kvartal var nesten to av fem tidlegare mottakarar av tidsavgrensa uførestønad, seier arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad.
I løpet av 2. kvartal i år har 6 600 personar fått innvilga uførepensjon. Det er 500 færre enn på same tid i fjor. Sjølv om det var færre nye uføre i 2. kvartal i år enn i fjor, ventar Lystad at talet på uføre vil fortsette å auke ut dette året.
– Det er fortsatt mange som tidlegare har fått ein tidsavgrensa uførepensjon som no blir fylgde opp. Dette er menneske som i mange år har hatt store helseutfordringar, og vi ventar at mange av dei til slutt vil få ein varig uførepensjon. Dette er i tråd med analyser vi har gjort, som viser at for mange har ordninga med tidsavgrensa uførestønad fungert som ein venteperiode for varig uførepensjon, seier Lystad.
Ved utgangen av juni 2012 er det 9 700 unge uførepensjonistar i alderen 18 til 29 år. Om lag tre prosent av alle uføre er yngre enn 30 år og frå juni i fjor til juni i år auka talet unge uføre med 840 personar. Det er ei overvekt av menn blant dei uføre under 30 år. Delen unge uføre i prosent av befolkninga er 1,2 prosent.
– Dei som blir uføre i ung alder risikerer eit langt liv utanfor arbeidslivet og det viktigaste vi kan gjere er å hjelpe ungdom med helseutfordringar inn i arbeid og aktivitet. Diverre er det slik at ein del unge er så alvorlig sjuke at dei ikkje klarar å delta i arbeidslivet. Desse får innvilga varig uførepensjon, seier Lystad.
Diagnosestatistikken for dei unge uføre for 2010 viser at dei vanlegaste diagnosene er psykisk utviklingshemming, medfødde misdanningar/kromosomavvik eller organisk psykisk liding/schizofreni.
Delen uføre i befolkninga aukar med 0,1 prosentpoeng, men auken er større for kvinner enn for menn. Blant kvinner auka delen uføre frå 11,0 til 11,3 prosent det siste året, mens for menn var delen stabil på 8 prosent. Størst auke finn vi blant kvinner i aldersgruppa 45-49 år, der delen uføre auka frå 9,2 prosent i juni i fjor til 10,1 prosent i år.
Blant kvinner er det i all hovudsak psykiske lidingar og sjukdomar i muskel- og skjelettsystemet som er mest utbreidde.
– Det er fleire kvinner enn menn som tidlegare har fått tidsavgrensa uførestønad. At veksten i delen uføre er størst blant kvinner må sjåast i samanheng med at det er ein overvekt av kvinner som tidlegare fikk tidsavgrensa uførestønad som no har fått innvilga varig uførepensjon, seier Lystad.
Blant dei som ble uføre i 1. halvår hadde 80 prosent mottatt arbeidsavklaringspengar før dei fikk innvilga uførepensjon. Over halvparten av dei som hadde arbeidsavklaringspengar, hadde også tidlegare tidsavgrensa uførepensjon.
Tidsavgrensa uførestønad