Publisert 03.08.12.
I løpet av juli blei det 600 fleire arbeidslause, viser sesongjusterte tal frå NAV. Arbeidsløysa er no på 2,7 prosent av arbeidsstyrken.
Justert for sesongvariasjonar[1] har summen av heilt arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar halde seg uendra frå juni til juli.
– Auken i arbeidsløysa den siste månaden skuldast først og fremst at færre tek del i arbeidsmarknadstiltak om sommaren, seier fungerande arbeids- og velferdsdirektør Ingunn Midttun Godal.
Ved utgangen av juli er det registrert 71 700 heilt arbeidslause hos NAV. Dette er 900 personar, eller ein prosent, færre enn på same tid i fjor.
Talet på nye ledige stillingar minka med ein prosent frå juni til juli. Samanlikna med same periode i fjor blei det registrert fire prosent færre nye ledige stillingar i løpet av juli.
Innan kontorarbeid[2] blei det registrert 16 prosent færre ledige stillingar og innan helse, pleie og omsorg og blant meklarar og konsulentar blei det registrert 14 prosent færre ledige stillingar enn same månad i fjor.
I løpet av dei siste tre månadene har arbeidsløysa auka noko innan dei fleste yrkesgrupper, men veksten i arbeidsløysa har vore mindre den siste månaden.
I juli auka arbeidsløysa mest innan barne- og ungdomsarbeid og innan undervisning, begge med tre prosent. Samanlikna med juli i fjor, er det no 18 prosent fleire arbeidslause med bakgrunn frå barne- og ungdomsarbeid.
I yrkesgruppa ingeniørar og ikt-fag held arbeidsløysa fram med å falla. I løpet av juli blei det tre prosent færre arbeidslause i denne yrkesgruppa, og det er no 14 prosent færre arbeidslause enn på same tid i fjor.
Arbeidsløysa er høgast innan barne- og ungdomsarbeid med 5,2 prosent, og innan reiseliv og transport med 4,0 prosent. Meklarar og konsulentar har den lågaste arbeidsløysa med 1,1 prosent, deretter kjem ingeniør- og ikt-fag og akademiske yrker, begge med 1,2 prosent.
I løpet av juli har det vore små endringar i arbeidsløysa i dei fleste fylke. Den siste månaden auka arbeidsløysa mest i Sogn- og Fjordane og i Møre og Romsdal, medan det var ein nedgang i Aust-Agder, Rogaland og Oppland.
Arbeidsløysa er no lågast i Rogaland med 1,9 prosent og i Sogn og Fjordane med 2,0 prosent. Høgast arbeidsløyse finn vi i Østfold med 3,7 prosent og i Telemark med 3,6 prosent.
-----------------------------------------------------------------------
[2] Innføring av ny yrkesklassifisering STYRK-08 i januar 2012 har ført til brot i statistikken over yrkesfordelte tal. Desse tala er difor estimerte. Sjå meir informasjon om ny yrkesklassifisering under ”Om statistikken – Arbeidssøkere” på nav.no.