Publisert 02.12.11
I november har det vorte 1000 færre heilt arbeidslause, viser sesongjusterte tal frå NAV. Arbeidsløysa er no på 2,4 prosent.
– Nedgangen i arbeidsløysa har forsterka seg den siste månaden, og vi ser no ein nedgang innan alle yrkesgrupper, seier arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad.
Ved utgangen av november er det registrert 61 600 heilt arbeidslause. Nedgangen frå november i fjor er på 7 800 personar, eller 11 prosent.
Det siste året har arbeidsløysa gått ned i alle yrkesgrupper. Etter ein periode med aukande arbeidsløyse for yrker innan offentleg sektor, ser vi no at utviklinga har snudd også for desse yrkesgruppene. Nedgangen i arbeidsløysa er størst innan bygg og anlegg, med 26 prosent færre arbeidslause enn på same tid i fjor. Også innan ingeniør- og ikt-fag har arbeidsløysa vorte kraftig redusert, med 23 prosent færre arbeidslause enn i november i fjor.
Høgast arbeidsløyse finn vi i yrkesgruppene industriarbeid og reiseliv og transport, begge med 3,6 prosent, medan vi finn den lågaste arbeidsløysa innan undervisning med 0,8 prosent,og blant leiarar og innan ingeniør- og ikt-fag , begge med 1,0 prosent arbeidslause.
Talet på nye registrerte ledige stillingar er om lag på nivå med november i fjor, med ein nedgang på ein prosent. Etterspørselen etter arbeidskraft innan bygg- og anlegg held fram med å auke. I løpet av november blei det registrert 19 prosent fleire ledige stillingar enn i same periode i fjor. Innan ingeniør- og ikt-fag blei det tilsvarande registrert ein auke i talet på ledige stillingar med 13 prosent. Innan barne- og ungdomsarbeid blei det registrert 21 prosent færre nye ledige stillingar enn i november i fjor.
Samanlikna med november i fjor har arbeidsløysa gått ned i alle fylke, så nær som Telemark, der arbeidsløysa har auka med fire prosent i perioden. Nedgangen er størst i Sør-Trøndelag med 23 prosent og i Oslo med 18 prosent.
Ved utgangen av november er arbeidsløysa lågast i Sogn- og Fjordane med 1,5 prosent av arbeidsstyrken, og i Rogaland med 1,8 prosent. Høgast arbeidsløyse finn vi i Telemark med 3,2 prosent og i Aust-Agder og Østfold, begge med 3,0 prosent.
Arbeidsløysa går ned blant alle som har vore arbeidssøkjarar under to år, men aukar blant dei som har søkt arbeid i to år eller meir. Dette viser at mange som har søkt arbeid lenge har vanskar med å komme tilbake til arbeid. Ved utgangen av november har kvar tiande arbeidslaus søkt arbeid i to år eller meir.