Publisert 31.05.12.
I løpet av mai har det vorte 700 fleire heilt arbeidslause, medan summen av heilt arbeidslause og ordinære tiltaksdeltakarar har auka med 300 personar, viser sesongjusterte tal frå NAV.
- Maitala stadfestar at det har vorte litt fleire arbeidslause dei siste månadene. Det er store forskjellar i arbeidsløysa i dei ulike fylka. Arbeidsløysa er no lågast i Rogaland med 1,7 prosent og høgast i Østfold med 3,2 prosent, seier arbeids- og velferdsdirektør Joakim Lystad.
Ved utgangen av mai er det registrert 61 400 heilt arbeidslause hos NAV. Arbeidsløysa er no på 2,3 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein nedgang på 3 200, eller 5 prosent, samanlikna med same tid i fjor.
I mai er det registrert like mange ledige stillingar per yrkedag som i mai i fjor, men utviklinga innan dei einskilde yrkesgrupper er ulik. Estimerte tal [1] frå NAV viser at vi det siste året har hatt ein auke i talet på ledige stillingar innafor akademiske yrke, ingeniør- og IKT-fag og innan serviceyrke. I yrkesgruppene reiseliv og transport og innan butikk- og salsarbeid har det vore størst nedgang i talet på ledige stillingar samanlikna med mai i fjor.
Samanlikna med mai i fjor er det størst nedgang i arbeidsløysa i Sør-Trøndelag med 17 prosent og i Møre og Romsdal med 13 prosent. Arbeidsløysa har auka mest i Telemark med 7 prosent og i Finnmark med 5 prosent. Arbeidsløysa er høgast i Østfold med 3,2 prosent og i Telemark og Finnmark med 3,0 prosent. Den lågaste arbeidsløysa finn vi i Rogaland med 1,7 prosent og i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, begge fylke med 1,8 prosent arbeidsløyse.
Arbeidsløysa er lågast for personar med bakgrunn frå undervisning med 0,8 prosent. Også blant meklarar og konsulentar, innan akademiske yrke og innan helse, pleie og omsorg er arbeidsløysa låg, alle med 1,0 prosent. Arbeidsløysa er høgast innan reiseliv og transport og innan bygg og anlegg, begge yrkesgrupper med ein arbeidsløyseprosent på 3,7.
Estimerte tal viser at arbeidsløysa har gått mest ned det siste året innan bygg og anlegg med 16 prosent og innan ingeniør- og IKT-yrke med 14 prosent. Auken i arbeidsløysa det siste året er størst innan barne- og ungdomsarbeid med 9 prosent og innan reiseliv og transport med 4 prosent.
[1] Innføring av ny yrkesklassifisering STYRK-08 i januar 2011 har ført til brudd i statistikken over yrkesfordelte tall, se mer informasjon om ny yrkesklassifisering under Om statistikken – Arbeidssøkere.