Publisert 02.07.10
I løpet av juni har det vorte 200 færre heilt arbeidslause, korrigert for vanlege sesongvariasjonar. 71 600 heilt arbeidslause er no registrert ved NAV, ein auke på 3 prosent samanlikna med juni i fjor. Arbeidsløysa er no på 2,8 prosent.
– No er det færre som melder seg arbeidslause, men talet på arbeidslause som har vore registrert ved NAV mellom eitt og to år aukar kraftig. Dette tyder på at det er vanskeleg for dei som har vore arbeidslause lenge å finna nytt arbeid, seier arbeids- og velferdsdirektør Tor Saglie.
Halvparten av dei arbeidslause har vore arbeidssøkjarar i over eit halvt år. Størst vekst er det blant dei som har søkt arbeid i mellom eitt og to år, der det no er over dobbelt så mange arbeidslause enn for eitt år sidan.
I juni blei det registrert 26 100 nye ledige stillingar, ein nedgang på 13 prosent samanlikna med i fjor. Nedgangen kom innan alle yrkesgrupper så nær som industriarbeid og bygg og anlegg, der det var ein auke i talet på nye ledige stillingar på 20 prosent og ein prosent.
Samanlikna med juni i fjor er det fem prosent færre arbeidslause innan bygg og anlegg, og tre prosent færre innan industriarbeid. Blant personar utan yrkeserfaring er det ein nedgang i arbeidsløysa på fem prosent.
Arbeidsløysa aukar no mest innan akademiske yrke og undervisning, med 22 prosent og 19 prosent fleire arbeidslause enn på same tid i fjor.
Sjølv om arbeidsløysa no går ned innan industriarbeid og bygg og anlegg, er det i desse yrkesgruppene at arbeidsløysa er høgast, med 4,4 prosent og 4,3 prosent. Lågast arbeidsløyse finn vi innan undervisning med 1,0 prosent , blant leiarar og innan helse- pleie og omsorg, begge yrkesgrupper med ei arbeidsløyse på 1,1 prosent.
I Oppland er det no 11 prosent færre arbeidslause enn same tid i fjor. Også i Vestfold, Vest-Agder og i dei nordlegaste fylka frå og med Sør-Trøndelag er det ein nedgang i arbeidsløysa.
Størst auke i arbeidsløysa finn vi i Sogn og Fjordane med 21 prosent fleire arbeidslause enn i juni i fjor. Arbeidsløysa er høgast i Oslo med 3,7 prosent og lågast i Oppland med 2,0 prosent.