Publisert 28.05.10
I løpet av mai gjekk arbeidsløysa ned med 1 600 personar, korrigert for vanlege sesongvariasjonar. 70 600 heilt arbeidslause er no registrert hos NAV, ein auke på 5 prosent samanlikna med mai i fjor. 2,7 prosent av arbeidsstyrken er no heilt utan arbeid.
– Den siste månaden har det vore ein klår nedgang i arbeidsløysa. Det kan tyda på at vi har nådd eit vendepunkt på arbeidsmarknaden. Sjølv om arbeidsløysa no går ned, er det knytt stor uvisse til utviklinga framover, seier arbeids og velferdsdirektør Tor Saglie.
Arbeidsløysa går ned i bygg og anlegg og i jordbruk, skogbruk og fiske. Nedgangen i arbeidsløysa er størst blant personar utan yrkeserfaring med 7 prosent frå mai i fjor. Arbeidsløysa er framleis høgast blant personar med bakgrunn frå bygg og anlegg med 5,1 prosent og innan industriarbeid med 4,6 prosent.
Arbeidsløysa aukar mest innan yrkesgrupper der mange er sysselsett i offentleg sektor. I akademiske yrke har arbeidsløysa auka med 24 prosent samanlikna med mai i fjor. Innan undervisningsyrka, der arbeidsløysa framleis er lågast, er det 18 prosent fleire arbeidslause enn på same tid i fjor.
Ved utgangen av mai var det registrert 15 prosent færre arbeidslause som hadde vore arbeidssøkjarar under fire veker, samanlikna med tal for mai i fjor. Arbeidsløysa aukar mest blant personar som har vore registrert som arbeidssøkjarar mellom eitt og eitt og eit halvt år. Dette tyder på nedgangen i arbeidsløysa først og fremst skuldast at færre blir arbeidslause, medan det framleis er vanskeleg for dei som er arbeidslause å finna nytt arbeid.
I løpet av mai blei det registrert 21 300 nye ledige stillingar. Dette er 9 prosent færre enn i mai i fjor. Nedgangen er størst innan helse, pleie og omsorg med 22 prosent og innan serviceyrke og anna arbeid med 18 prosent. Innan bygg og anlegg auka talet på nye ledige stillingar mest, med 16 prosent. Også innan leiaryrka, industriarbeid og blant meklarar og konsulentar var det ein auke i talet på nye ledige stillingar.
Arbeidsløysa er høgast i Finnmark og i Oslo, begge med 3,6 prosent av arbeidsstyrken. Lågast arbeidsløyse er det i Oppland, Rogaland og i Sogn og Fjordane, alle med 2,2 prosent arbeidslause.
Samanlikna med mai i fjor har arbeidsløysa auka mest i Rogaland med 22 prosent og i Aust –Agder med 19 prosent. Arbeidsløysa har gått mest ned i Oppland, Nordland og Troms, alle med ein nedgang på 9 prosent.