Publisert 25.02.10
Ved utgangen av februar er det registrert 83 400 heilt arbeidslause ved NAV, er ein auke på 16 000 personar, eller 24 prosent, samanlikna med februar i fjor. Arbeidsløysa er no på 3,2 prosent. Justert for vanlege sesongsvingingar har det vorte 600 fleire arbeidslause den siste månaden.
– Veksten i arbeidsløysa er no klart lågare enn i fjor vinter. Særleg innan industriarbeid har veksten i arbeidsløysa vorte redusert dei siste månadene. Også innan bygge- og anleggsarbeid er trenden ei utflating i veksten. Dei fyrste månadene i år har det likevel vore ein auke i arbeidsløysa innan bygg og anlegg på grunn av den strenge vinteren, seier Arbeids- og velferdsdirektør Tor Saglie.
Arbeidsløysa er høgast innan bygg og anlegg med 7,2 prosent og innan industriarbeid med 5,1 prosent. Noko av den høge arbeidsløysa innan bygg og anlegg kan forklarast med den strenge vinteren som fører til redusert aktivitet innan bygg og anlegg mange stader. Færrast arbeidslause er det innan undervisning med 0,7 prosent, innan helse, pleie og omsorg og blant leiarar, begge yrkesgrupper med 1,2 prosent.
Arbeidsløysa aukar no meir jamt over alle yrkesgrupper enn tidlegare i denne lågkonjunkturen. Samanlikna med februar i fjor har arbeidsløysa auka mest innan ingeniør- og ikt- fag med 44 prosent og innan akademiske yrke med 31 prosent. Veksten i talet på arbeidslause er lågast innan jordbruk, skogbruk og fiske med 14 prosent og innan kontorarbeid og industriarbeid, med ein auke på 18 prosent og 19 prosent.
Ved utgangen av februar er arbeidsløysa på 4,0 prosent blant menn og 2,4 prosent blant kvinner. Samanlikna med februar i fjor er veksten i arbeidsløysa nesten like høg blant kvinner (21 %) som blant menn (25 %). Arbeidsløysa er høgast blant menn i alderen 20 – 24 år med ein arbeidsløyseprosent på 7,9. Blant kvinner er arbeidsløysa høgast i aldersgruppene 20 – 24 år og 25 – 29 år, begge grupper med ei arbeidsløyse på 3,6 prosent.
Arbeidsløysa er høgast i Oslo med 4,0 prosent av arbeidsstyrken. Også i Østfold, Aust-Agder og Finnmark er arbeidsløysa høg med 3,9 prosent. Lågast arbeidsløyse finn vi i Sogn og Fjordane med 2,5 prosent arbeidsløyse, deretter følgjer Akershus, Oppland og Møre og Romsdal alle med ei arbeidsløyse på 2,7 prosent.
I Troms er det no to prosent færre arbeidslause enn på same tid i fjor. Veksten i arbeidsløysa er svakast i dei andre fylka i Nord- Noreg samt i Telemark. Størst auke i arbeidsløysa finn vi i Rogaland (67 %) og i Akershus (41 %).