Frå slutten av april 2010 får NAV bankkontonummeret ditt overført frå Skattedirektoratet. Dette bruker vi når vi skal sende
ei utbetaling til deg.
Dette gjeld alle utbetalingar, utanom dagpengar, attføringsytelser, arbeidsavklaringspengar og arbeidsrelaterte individstønader.
Kva bankkontonummer bruker vi?
- Får du utbetalingar frå oss i dag til ein bankkonto i dag, held vi fram med å bruke denne
- Har du i den siste tida gjeve opp ein bestemt bankkonto til oss, vil vi bruke denne
- Får du utbetalingar på utbetalingskort vil vi no bruke ein bankkonto, under føresetnad av at du har ein
- Har du ikkje gjeve opp gyldig bankkonto vil vi bruke den same som Skattedirektoratet bruker når dei tilbakebetaler for mykje
innbetalt skatt
- Det er berre dei som ikkje har bankkonto i Noreg som kan få utbetalingar på utbetalingskort
Korleis sjekke kva bankkontonummer vi bruker?
- Logg deg inn på nettjenesten Din pensjon og vel Din Profil og Bankkonto for utbetaling. Her kan du sjå kva bankkonto vi bruker, og du kan endre han.
Korleis endre bankkontonummer?
Det er to måtar å endre bankkontonummer på. Vel ein av dei:
Heimel for å bruke bankkonto til utbetalingar (Lov om folketrygd § 22-18).