Alle utlysningar om innkjøp for NAV, finn du på www.doffin.no
NAV har sentralisert all manuell fakturabehandling. Faktura for kjøp av ordinære varer og tenester som er levert til Arbeids- og velferdsetaten, skal sendast til fakturaadresse:
NAV Økonomiteneste
Sognefjordvegen 56
6863 LEIKANGER
Følgjande betalingsopplysningar må finnast på same fakturaside:
Alle som bestiller varer og tenester for NAV, skal gje opp referanse til deg som leverandør. Referansen er grunnlaget for å identifisere kven som skal godkjenne fakturaen. Alle fakturaer må ha referansen ført på i eige felt merka referanse.
Alle opplysningar som vert ført på faktura, må vere tydelege og ha god avstand til annan tekst, strekar og figurar. Faktura skal vere maskinskriven.
Arbeids- og velferdsetaten krev 30 dagars betalingsfrist.
NAV behandlar fakturaene elektronisk og er avhengig av at dei følgjer krava ovanfor. Manglar ved faktura kan medføre sein betaling av fakturaen. Når faktura må returnerast til leverandør, vert betalingsfrist rekna frå dato for mottak av korrekt faktura.
NAV Økonomiteneste kan kontaktast på e-post: nav.okonomitjeneste@nav.no