Å finne ein jobb du kan trivast med i eit anna EØS-land, krev ein del førebuing. NAV EURES kan gi deg god informasjon og nyttige tips om korleis du kan søkje jobb, og kva som skjer dersom du ikkje får jobb.
Dette er noko av det du bør tenkje gjennom dersom du ønskjer å arbeide i eit anna europeisk land:
Er du kvalifisert til ein jobb på den internasjonale jobbmarknaden?
Arbeidsløysa i Europa er stort sett høgare enn i Noreg, og det blir stilt minst like strenge krav til kvalifikasjonane dine der som her. Som regel konkurrerer du med jobbsøkjarar frå det aktuelle landet om stillingane.
Kva kan du, og kva vil du?
Når du ønskjer å jobbe i eit anna EU/EØS-land, må du først og fremst finne ut kva slags jobb du ønskjer deg, om du er kvalifisert, og kva land du har lyst til å jobbe i. Når det gjeld val av land, må du ta omsyn til språkkunnskapane dine. Du bør òg vurdere andre faktorar som kan vere viktige for opphaldet ditt, som kultur, klima eller økonomi.
Språkkunnskapar
Dei fleste arbeidsgivarar krev svært gode kunnskapar i språket som blir snakka i landet. I enkelte bransjar og bedrifter kan det likevel vere nok å beherske engelsk som arbeidsspråk.
Stadig fleire arbeidsgivarar i fleire land, for eksempel i Storbritannia, Sverige, Irland, Spania og Belgia, spør etter norsktalande medarbeidarar utan å stille krav til kjennskap til språket i landet. Det er ofte jobbar i call center og innanfor IT-/kundesupport.
EU har eit mål om at alle EU-borgarar skal kunne tre europeiske språk: morsmålet og to andre språk. Her er tips om korleis ein lærer framandspråk.
Tenester frå EURES
NAV EURES gir deg informasjon om arbeids- og levekår i landa som er interessante for deg. EURES-rådgivarane gir i tillegg rettleiing og råd etter behov undervegs i jobbsøkjarprosessen.