Sesongarbeid kan vere alt frå bærplukking om sommaren til planting av tulipanløkar om våren, frå badevakt på stranda til skiinstruktør på fjellet. Sesongane for ulike typar arbeid kan òg variere ut frå klimatiske forskjellar, kulturelle tradisjonar og nasjonale eller lokale forhold. Når du skal søkje sesongarbeid i Noreg eller eit anna land, kan det vere lurt å sjå etter om arbeidsperioden passar for deg.
Korleis kan du søkje sesongarbeid?
Når du skal søkje, bør du starte førebuingane fleire månader før avreise. Bruk EURES-databasen og EURES-nettverket for å finne fram til spennande jobbar og for å få rettleiing og gode råd.
Du bør òg setje opp ein kort CV med bakgrunnsopplysningar, gjerne på det språket som er brukt der du vil jobbe. Som EØS-borgar har du dei same rettane og pliktene som arbeidstakarane elles i landet når det gjeld tilsetjingsvilkår og arbeidsvilkår generelt.
Her kan du òg finne generelle tips om kva du bør tenkje gjennom før du skal ut i verda:
I Norden
For deg som ønskjer sesongjobb i Norden, kan nettsida Nordjobb vere nyttig. På denne sida kan du som er 18–26 år få sommarjobb i Danmark, Finland, Færøyane, Grønland, Island, Norge, Sverige eller Åland.
Utanfor Europa
Fleire aktuelle jobbsøkjardatabasar
Når du skal til utlandet
Først må du sjekke om du beheld medlemskapen i folketrygda.