Studiestaden din (universitet/høgskole) kan ha oversikt over ei rekkje jobbalternativ i EU-området. Dei kan formidle stipend til slike utplasseringar innanfor Leonardo da Vinci-programmet (EUs handlingsprogram for yrkes- og profesjonsutdanning). Du kan òg få stipend dersom du sjølv finn deg ein jobb i eit EU-land.
ERASMUS (EUs program for samarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar), SOKRATES (EUs handlingsprogram for utdanning) eller NORDPLUS-programmet er andre eksempel på utveksling innanfor EU/EØS-land. Du kan òg finne ut om universitetet ditt har eigne samarbeid med andre
lærestader.
EURES-nettverket i Noreg kan hjelpe deg langt på veg med informasjon og rettleiing om utplassering i eit anna EØS-land.
Nyttige nettsider:
EURODESK Her kan du sjå kva type ledige stillingar som er lyste ut, og lese om ulike program:
Andre kanalar som kan ha informasjon om praksis/trainee i utlandet:
Det er mange norske og internasjonale bedrifter som tilbyr praksis/traineestillingar i Noreg og utlandet. Ei oversikt kan
du mellom anna finne på heimesida til Karrieresenteret ved Universitetet i Bergen eller Karrieresenteret ved Universitetet i Oslo.
Bedriftspresentasjonane til Kaleidoskopet gir deg òg ei oversikt over bedrifter med traineeprogram i utlandet.
IKT – IKT traineeprogram
Forskarar – The European Researcher’s Mobility Portal
Juss – ELSA The European Law Students’ Association
HUGS!
Du må vere tidleg ute. Sjølv om nokre bedrifter/institusjonar kan ha fleire traineeinntak per år, har mange berre eitt. Då er søknadsfristen ofte tidleg på året.
Når du skal til utlandet
Først må du sjekke om du beheld medlemskapen i folketrygda.