Det er mange spennande jobbar på den utanlandske arbeidsmarknaden. Ikkje alle blir utlyste offentleg, men NAV EURES har god oversikt over område og bransjar der det er behov for arbeidskraft. Nedanfor ser du nokre eksempel.
Her er nokre område og bransjar der det òg kan vere aktuelt å søkje jobb:
Som au pair bur du hos og arbeider for ein familie. Det vanlegaste er at du får gratis kost og losji mot å ta deg av barna og gjere husarbeid.
Vertsfamilien din skal òg betale deg lommepengar. Du kan søkje jobb på eiga hand eller gjennom ulike organisasjonar som arbeider
med au pair-formidling.
Mange bistandsorganisasjonar sender ut personale til oppdrag i utviklingsland.
Frivillig arbeid/utveksling kan vere noko for deg som er mellom 18 og 25 år, og som drøymer om å reise ut og jobbe frivillig i seks til tolv månader
i eit anna land i Europa. Kostnader til reise og opphald blir som oftast dekte.
Internasjonale organisasjonar lyser ofte ut ledige stillingar på heimesidene sine. Dersom du ønskjer å arbeide i Norden, kan det vere lurt å bruke jobbasane
til arbeidsmarknadsetatane i dei forskjellige landa.
Er du student, kan studiestaden din ha oversikt over jobbar i EU-området, og mange studiestader kan for eksempel formidle
stipend til utplasseringar via EU-programmet for livslang læring. Du kan òg få stipend dersom du sjølv finn deg ein jobb i eit EU-land.
Dersom du ønskjer sesongarbeid (sommar- eller vinterjobb, fruktplukking om hausten etc.) i eit anna land, bør du helst starte førebuingane fire–fem månader
før avreise. Bruk EURES-portalen og EURES-nettverket for å finne fram til spennande jobbar.
Høgt kvalifiserte jobbsøkjarar som ønskjer å begynne ein profesjonell karriere, finne ny jobb eller vere med på traineeordningar i European Economic Area (EEA) eller Sveits, kan bruke EURES The European Job Mobility Portal og få nyttige tips og informasjon der.