Den europeiske arbeidsmarknaden kan by på mange og nye jobbutfordringar. I tillegg får du sjansen til å utvide språkkunnskapane dine og lære om nye kulturar. EURES-portalen gir deg god oversikt over jobbar der arbeidsgivaren er spesielt interessert i å rekruttere frå andre EU/EØS-land.
Kvar finn eg ledige stillingar?
I stillingsdatabasen til NAV finn du ei rekkje stillingar i utlandet. Du finn dei ved å oppgi ønskt arbeidsstad til EØS.
EURES-portalen inneheld stillingar frå alle EØS-landa. Her kan du òg registrere CV-en din og gjere han søkbar for utanlandske arbeidsgivarar.
Dersom du snakkar språket i landet, finn du mange stillingar hos arbeidsmarknadsetaten i dei ulike landa.
Aviser og tidsskrift er ein annan nyttig kanal for å finne stillingsannonsar.
Andre alternativ
Det finst fleire typar jobbar som er retta mot bestemte målgrupper, for eksempel au pair, frivillig arbeid og internasjonale organisasjonar, og mot bestemte geografiske område, for eksempel Norden.
Rekrutteringsbyrå
Private rekrutteringsbyrå har etablert seg som viktige aktørar i den europeiske arbeidsmarknaden. Byråa formidlar både til mellombelse og faste jobbar. Ei mellombels stilling kan ofte vere vegen til ein fast jobb. Byråa finn du via landets Gule Sider.
Bedrifter og organisasjonar
I nokre land er det vanleg å ta direkte kontakt med bedrifta. Bruk landets Gule Sider for å finne bedrifter av interesse.
Fleire norske selskap har avdelingar eller systerselskap i utlandet. Du kan kontakte Innovasjon Noreg i landet du søkjer jobb i, for å få informasjon om norske bedrifter der.