Er du mellom 18 og 30 år, kan du reise ut og jobbe som frivillig i eit anna land i Europa i to til tolv månader. Kostnadene til reise og opphald blir dekte.
Europeisk volontørteneste er ein del av EUs ungdomsprogram Aktiv ungdom (tidlegare UNG i Europa), som støttar ulike utvekslingsordningar og aktivitetar for ungdom. Programmet har fem søknadsfristar i året.
Det finst òg eit tilbod om korttids volontørteneste. Det er ein fin sjanse for unge med spesielle utfordringar til å arbeide frivillig i eit lokalt prosjekt i eit europeisk land i minimum to veker.
UngInfo i Oslo har oversikt over norske og utanlandske organisasjonar som tilbyr frivillig arbeid og alternative utanlandsopphald.
Lurer du på korleis det er å vere volontør? Eller har du sjølv vore volontør og ønskjer kontakt med andre eks-volontørar? Då kan du kontakte NEVO Norsk eks-volontørorganisasjon.
Det er fleire hjelpeorganisasjonar som tilbyr frivillig arbeid. Les meir om dei under "Bistandsorganisasjonar".